fredag 30. juli 2010

Litt ute

Blomstrane ved inngangspartiet mitt blomstra so fint!!
Imåra skal eg legge ut bilde av eit gamalt skatoll som eg har fått med bestemora mi, som oldeforeldra mine hadde.. lure på ka eg skal gjere med det!!
Idag har eg vore å sett på eit anna fiint skap i huset til broren til besta, det kan eg få om eg vil!!! =) Og det vil eg mest sannsynlig, då skal eg pusse dei opp i samme stil.. vurdera å male dei lyse og pusse kantane på dei for å ha ein sånn slitt, gammal stil over dei... hmm...







Måtte legge med eit bilde av mine søte kattar som leikar ute i 20 grader!! og kl er snart 1! Det liiika vi=)

onsdag 28. juli 2010

Happy birthday.

Idag har vi feira 30-års dagen til svogeren min. Pappa kom å laga verdens beste raspekake, så hadde vi kake, jordbær og is til dessert:)
Her kjem litt stemningsbilder frå kjøkkenet mitt idag, med eit pådekka middagsbord:











Kjøkkenvekta og den 3-arma sølvstaken kjøpte eg på freetex, to av bruktfunn- favorittane mine:)
Eg er veldig glad i blomster og pynter gjerne opp med litt frå hagen rundt om i huset...

God kveld alle sammen :)

tirsdag 27. juli 2010

Dører, før og etter.









Alle dørene i huset mitt var i furu før, etter kvistlakk, grunning og 2 strøk maling vart dei kvite! :) Eg er ferdig med alle dørene i 1. og 2. etasje, no er det berre 5 dører igjen å male på loftet so er eg i mål! :)
Lurte ein periode på å kjøpe nye ferdigmalte, då var eg utruleg lei maling! Men ein kjem alltid gjennom den "lei-perioden", heldigvis=)

Ha ein fin kveld:)

mandag 26. juli 2010

Soverommet vårt.







Eg må ærleg innrømme at eg er blitt litt hekta på blogg dei siste dagane. Mykje av tida har gått med til å komme inni ting&tang her. Eg har ferie no (siste veka:() so derfor kan eg ta meg litt ekstra tid her og.
Eg snakka med søskenbarnet mitt i sta og ho var nysgjerrig på nattborda eg kjøpte på ikea sist veke, so her hoppa eg i det og legg ut nokre bilder fra soverommet vårt og:) Skulle igrunn ikkje handle nattbord, men falt for desse og hadde berre eit fra før, det har fått plass på gjesterommet no.
Lampa kjem og fra ikea, den har eg gått lei etter berre eit år, men må nok få henge litt lenger syns eg.
Den lilla veggen i fargen "aubergine" er den einaste veggen i huset som ikkje er lys. Eg syns eit soverom skal vere "reint" utan for mykje stasj, men det kan hende eg skal pynte det litt meir med enkle blondegardiner og "heimesydde" puter.

Ha ein fin kveld:)

Gjesterom









På søndag kom søstra mi med samboer og hund på besøk. I den andledning tok eg noken bilde av gjesterommet på loftet.
Før var dette rommet gult, og tak, skapet og lister var ubehandla.
Skulle ønske eg tok fleire bilder av huset før eg begynte å pusse det opp, men eg var så gira på å begynne at det vart lite av dei..
Her er det sol og varmt idag og så no skal eg ut å gjere litt i hagen, for det trengs!
Ha ein fin dag alle sammen:)

søndag 25. juli 2010

Gang og trapp.

Gangen på loftet er vi ikkje komt igang med, den blir forhåpentligvis eit prosjekt før jul.

Gang og trapp i 2.etasje.




Benken kjøpte eg for å ha ute, men syns den passa so godt i gangen at den fekk plass der. Har kjøpt stoff i blått og kvitt, så benken skal få noken puter etterkvart er planen:)









Sjenken har eg mala og bytta knotta på.





Trappa pussa vi ned, grunna og mala den i fargen bomull.



I 2.etasje bytta eg dørvridera nyleg, desse skal byttast i 1.etasje og. Så skal søstra mi få desse til leiligheta si.


Vindfang, gangen og vindfang pussa eg opp for 2 år sidan. Eg er veldig glad i denne døra.



Her kjem eg endeleg med mitt første innlegg. Som huseigar er ein aldri arbeidsledig, no er vi nett ferdig med å male trappa. Det var litt av ein jobb, men vi er kjempe fornøgde med resultatet:)) Derfor legg eg ut litt bilete frå trappa idag, og trappeoppgangen:) Eg er sjølv veldig glad i før og etter bilde, men har dessverre ingen før bilder av trappa idag, for dei ligg på ei anna brikke, men skal prøve å få lagt dei ut seinare.
Ha ein fin kveld :) Klem nybegynnaren.