torsdag 16. september 2010

Gangen min….

 ….har sidan sist eg viste den fram her inne, fått litt meir stæsj;)

IMG_4524

Ei enkel hylle eg hadde liggande er komt på veggen og med to små knaggar under vart hylla fin synest eg.

IMG_4525 IMG_4526

Kassa under hylla fann søstra mi i det mykje omtalte gamlehuset;) Kassa er hennar, men eg håper det er greit at eg lånar den litt før dei treng den sjølv;) Oppå kassa har eg ei korg med skjerf, huer og anna varmt til kalde haustdagar.

IMG_4529

IMG_4530 IMG_4531

Litt dill på knaggane og lykter på toppen;) Bilde de ser er av ei “fin frue” i Oslo som oldemora mi var tenestepike hos på byrjinga av 1900-tallet. På bilde står det: “Til min snille pige Rachel, som forlader mig at gifte sig. Fra gamle fru M Nyquist. 21 juni 1916.”  Synset det er skikkeleg kjekt å ha skattar som dette bilde, eg! :)

IMG_4517

IMG_4518

IMG_4519

På knaggen som er komt opp, heng ei veske etter oldemora mi. Eg hadde den med meg rundt kvart år når vi gjekk nyttårsbukk som barn. I veska samla eg alt snopet eg fekk.

IMG_4533

IMG_4534

Korga som hang på kjøkkenet står no på sjenken i gangen. Eg fann ut at den ikkje tok seg så godt ut på kjøkkenet, men her står ho fint! :)

IMG_4537 IMG_4538

IMG_4536

Heimlaga bilder; ramme spraya i perlegrå, bilde med nostalgiske motiv, hønsenetting og litt blonder. Fine å pynte med. Her fekk eg inspirasjon frå de blaggera, tusen takk;)

IMG_4523

IMG_4522 IMG_4521

Kofferten min har flytta ned. No ligg han under benken å pyntar opp;)

IMG_4539

IMG_4540

Bordet som eg viste de i sommar. Ein stoor skatt spør du meg! Det manglar litt pynt både på bodet og på veggen over men det kjem;)

IMG_4545

Eg lagar fårikål til middag idag. Det luktar kjempe godt! :) Og snart kjem kjærasten heim frå jobbveke i Sogn;)

Nyt torsdagskvelden alle sammen!!:)

Det skal eg! :)

(Namnet på bloggen har eg skifta idag, var ikkje særleg begeistra for det. Adressa er den samme;))

 

 

2 kommentarer:

Chanette sa...

Så mange flotte bilder av en vakker gang, så mange flotte detaljer. Kjempe fint :)

Precious Home sa...

For en nydelig gang du har!

Ønsker deg en fin kveld!