Idag har eg endeleg fått flytta inn på sy/hobby-rommet mitt:) Denne veka har eg måla kvar kveld for å bli ferdig. Det som er måla her inne er taket, listene, vindauget og skrivebordet.
Tapeten fekk bli, etter ønske frå søstra mi. Då dette var mitt første rom då vi flytta inn i huset kan det vel hende tapeten passar betre på eit barnerom, men litt fargar og søte mønster skader vel ikkje:)
Eg synest rommet vart super koseleg! :) Klokka som hang på kjøkkenet har fått plass over vindauget, då eg synest den passar betre her oppe.
I ei korg på skrivebordet har eg litt restestoff, blonder og scrappeark.
Den eine korgstolen som eg spraya kvit i forrige veke står no i hjørnet på sy/hobby-rommet. På veggen over korgstolen har eg planer om å henge opp lange hyller med plass til litt av kvart:)
Som de vil sjå på før/etter bilda(som kjem under) er vindauget her inne ganske lite. Eg hang derfor ei kappe langt over vindauget for å få det til å sjå større ut, trur det funka og;) No har eg lite gardin, mykje lys og eit vindauget som ser stort ut.
Søte knottar, kjøpt på ferieturen til Tvedestrand i sommar:)
Her kjem før og etter bilder av rommet og pulten:
FØR: ETTER:
FØR: ETTER:
FØR: ETTER:
FØR: ETTER:
Kva synest du om rommet?
Med eit mjukt saueskinn under baken og nydeleg utsikt, blir det nok mange kreative(håpar eg) kveldar på dette rommet i haust;))
Eit bilde av utsikta vår, tatt idag tidleg, med SOOL på himmelen. Det ligg ofte tåke over den lille byen vi bur i, heldigvis bur vi over den, langt oppi fjellsida;)
Eg har heilt sidan eg starte denne bloggen her, vert lite fornøgd med valget av namn. Er det dumt å skifte no? Eg har eit på lur. Adressa blir selfølgelig den samme.
Eg håpar alle har ein fantastisk fin kveld!
I morgon er det helg igjen :)
God natt-klem :)
4 kommentarer:
Her vart det jo kjempekoseleg☺
Herleg rom☺
Eg er so dårleg med navn so kjem ikkje på nåke glupt!☺
Er ikkje super fornøgd med mitt heller..men kjem ikkje på nåke bedre!
Klem M♥
Oj,så koselig et rom!
Herlig med den fargen mot det hvite.
Ha en super fin kveld.
Klem Christina
Så flott Rakel:-) Må sjå neste gong eg kjem på besøk:-))
Jorid
Andre enden har eg blogga før..men kan godt gjere det igjen☺ Har nemleg gjordt ein liten forandring der☺ Må bere rydde litt først, hihi☺
God helg☺
Klem M♥
Legg inn en kommentar