lørdag 3. mars 2012

Babyshower/babyfest

I går arrangerte eg og vennindegjengen babyshower for vår fine gravide venninde! Dette er blitt tradisjon i gjengen og i går var den fjerden gongen vi arrangerte det. Vi har pleid å overraske den gravide, laga til masse god mat og kjøpt inn pakker. Maria, som vi arrangerte for i går blei veldig overraske, veldig kjekt! Eg tok nokre bilder med telefon, ikkje av beste kvalitet men;)

20120302_200358

20120302_200407

20120302_200349

Alt måtte selvfølgelig vere i rosa, sidan dei ventar ei lita prinsesse:) Eg elsker å pynte og dille og dalle, ein perfekt anledning til å prøve seg litt.

Spisestova er forresten blitt veldig koselig! Her et vi i helgene og ved spesielle anledniger, litt ekstra stas med ei spisestue som ein ikkje brukar til dagen. Lysekrona gir ei nydelig stemning med levande lys i om kvelden!

20120302_175325

Eg laga bleiekake for første gang. Kan ikkje måle seg med dei du lagar Maria;) Men øvelse gjer mester, ikkje sant!?;)

20120302_200453

Kakebordet! Nam:)

20120302_202602

Ho fekk masse fint! No kan prinsessa berre komme! :)

Ein absolutt vellykka kveld! Babyshower er å anbefale for dei som ikkje har prøvd det! Ein koseleg “tradisjon” vi har tenkt å halde på:)

Lite blogging på meg ja! Eg kosa meg masse med interiør enda, men det blir ikkje til at eg er så flink å publisere det! Vi får sjå om det kjem seg no som vi går mot lysare tider!

Ha ein god laurdagskveld! <3

Klem, Rakel :-)

fredag 21. oktober 2011

Ei stund sidan sist…..

 ….blogginnlegg på meg, ja. I sommar hadde vi besøk av søstra mi og familien i 5 veker, vi planla bryllaup og kosa oss inni mellom. Då hausten kom var det noko som skjedde kvar helg og eg følte at eg ikkje hadde tid til å blogge. Men litt har vi gjort i huset sidan sist. Idag har eg knisa nokre bilder av stua og eg begynner endeleg å bli fornøgd med den!

IMG_7344

I forrige veke reiste eg og kjærasten til bror min til Åsane på dagstur, shopping vart det + litt kos med søskenbarnet mitt og sonen hennar:) Vi fekk akkurat plass til ein to-setar ektorpsofa i stasjonsvogna, i samme stil som lenestolane;) Ein billeg, fin sofa synes eg. Trekket kan skiftast eller vaskast, skjønner godt at Ikea sel mange slike!

IMG_7349

Tidleg i sommar kom eg over nokre billege møblar hos ei som skulle flytte. Bordet med hylle under var blant desse, det passa perfekt inn hos meg etter nokre strøk maling;)

IMG_7342

Det fiiiine arve-skatollet mitt er komt til sin rett i stua. Eg hang opp gardin på innsida, blei mykje ryddigare enn utan. Blir ofte eit rotete inntrykk av glasskap uansett kva ein har inni synes eg. I skapet har eg GG-samlinga mi!

IMG_7343

No trur eg svigermor Britt blir fornøgd med eit nytt innlegg frå meg:) Det er kjekt å sjå at eg har fått nokre nye følgera, sjølvom bloggen har stått stille litt….Eg lovar å vere flinkare framover, har jo masse planer og prosjekt å vise!:)

Ha ein fin fredag og ei god helg alle!!:)

Klem, Rakel

mandag 11. juli 2011

Sofakroken =)

 

No er vi endeleg begynt på ferie og det kjennes fantastisk godt! Vi har masse vi skal gjere her heime, både inne og ute. Men det er viktig å komme seg vekk litt og. I år som i fjor skal vi til det vakre sørlandet og kanskje blir det ein tur over grensa til Sverige og;)

I stua ommøblerte eg for ei stund sidan, men det er enno ikkje heilt ferdig. Viser nokre bilder frå sofakroken der vi har tv-en ikveld:

IMG_6627 IMG_6630

Den nydelege puta med englemotiv frå Sagen Vintage Design, fekk eg i sommargave av snille pappa og Jorid! :) Tusen takk! Den sklei rett inn i interiøret mitt ja! =)

IMG_6631 IMG_6637

IMG_6634 IMG_6635

IMG_6639 IMG_6638

Eg håpar å få tid til å vise fram litt meir av det eg har fått ferdig her heime før vi reiser på ferie.

Håper alle får ei fin ny sommarveke med masse sol og glede! :)

Klem, Rakel

fredag 1. juli 2011

Helg med finn og maling.

 Då var det helg igjen, og kun ei arbeidsveke igjen før ferie! :) Eg er optimist og trur at godveret kjem med ferien;) Eg har 1000 prosjekt på gong inne, typisk meg, å begynne på fleire ting på ein gong. Spisestua nærma seg, eg skal ha hyller over slagbenken og ny lampe/lamper i taket, og benken skal få madrass og masse fine puter! 

IMG_6583

IMG_6586 IMG_6587

I kjellaren står skatollet mitt ferdig! Tenk at det skulle ta 3 månedar før eg malte det ferdig med 2.og 3. strøk. Det er ikkje alltid eg er i malehumør!

IMG_6592 IMG_6590

Dessutan står nokre av mine siste finn-kjøp å ventar på målekosten, mens ein sjenk og eit bord skal hentast i helga. Utrulig kjekt å kjøpe nydelige møbler til nesten ingenting! I stua vår blir nesten alle møblane bytta ut med “nye”, og dei “gamle” skal få seg ein ny plass på eit anna rom.

Satsar på å få tatt meg ei bloggrunde ikveld, det blir desverre ikkje prioritert for tida:(

HA EI NYDELIG HELG ALLE SAMAN!!! :)

fredag 17. juni 2011

Hageliv :-)

 IMG_6387 IMG_6417

IMG_6402 IMG_6406

I hagen kosar vi oss om dagen. Her har eg planta i krukker og pynta opp litt:) I bedda blomstrar det, og eg plukkar blomster frå hagen å setter inn istadenfor å kjøpe i butikken, kjekt å kunne nyte dei den korte perioden dei blomstrar:)

Dekkstolane og plantebordet er nye for året, så no er eg fornøgd med platningen, enn så lenge;)

IMG_6386 IMG_6418

 IMG_6385 IMG_6424

Vi har som sagt mange planer i hagen, men pga det dårlege veret vi har hatt har det blitt utsatt litt:( Eg har lyst på ein strøken hage til ei kvar tid som ikkje er så altfor masse jobb med, ja det er vel lov å drømme??=)

Ellers går det i litt inneprosjekt om dagen:) Benken er snart klar for eit nytt liv, blir den ikkje fiiiin vel?:)

IMG_6408 IMG_6409

Eg er på vei til Oslo no, saman med mi svigerinne:) Litt leie etter 6,5 tima i bil no, men straks framme:)

Ha ei fiin helg alle sammen!!!!!

tirsdag 7. juni 2011

Sommarpai

 

God morgon! Eg oppheld meg for tida i Oslo, på besøk hos mi søster, svoger og lille tantegutt Emrik på 5,5 mnd.:) Vi kosa oss dagen lang, dei bur rett ved sida av “marka”, så det blir masse turar på oss.

IMG_6343 IMG_6345

IMG_6330 IMG_6335

  I helga hadde vi besøk av eit vennepar, den perfekte anledning til å prøve sommarpai. Oppskrifta fann eg i dagbladet i fjor sommar og den såg berre sååå god ut at eg måtte prøve! Veldig enkel å lage og kjempegod ilag med is:) Eg laga paibunnen av sukker, mel, smør og vatn, flyllet er vaniljekrem og bær på toppen!

IMG_6344 IMG_6332

Bileta er frå spisestua vår som vi flittig bruker no. I helga tok vi ut den gamle slagbenken vår (som skal stå i spisestua) å vaska den med salmiak, eg må nok vaske den nokre gongar til før den er klar for eit nytt liv i vårt hus;) Om nokon har tips til å få vekk vond lukt av gamle møblar; KOM GJERNE MED DEI;)

IMG_6329

Vi håper alle har ei FIN veke!!!! :)

Klem, Rakel og Emrik :)

 

søndag 29. mai 2011

Ta uterommet med inn!

 Her i vest regna vi snart vekk. Eg håper vêrmeldinga stemmer og at finvêret kjem i slutten av veka. Ute blomstrar det i potter og bedd, men ikkje mykje vi får nyte det. Rosa er ein av mine favorittfargar, og no står rosa rododendron i muggar på kjøkkenbordet å pyntar opp:)

IMG_6303 IMG_6305

IMG_6306 IMG_6304

Så fort sola kjem skal eg ut å knipse bilder ;))

Ha ein SUPERfin søndagskveld alle sammen! :)

tirsdag 10. mai 2011

Mi ommøblerte stue!

 For litt sidan ommøblerte eg stua. Eg klare ikkje heilt å bestemme meg for om eg likte den best før eller no. Eg syns dette rommet er veldig vanskelig å møblere, men eg har ein liten plan for den, men først kjem masse anna;)

IMG_6057

IMG_6058

Det vi likte veldig godt med stua no er at vi får nyte utsikta bedre. Det vart så lyst og fint i tv-kroken no og det er jo her vi sitter mest, både når vi har besøk og ellers.

IMG_6062

Eg er skikkelig i hagemodus om dagen, eg er kun inn for å ete, dysje og sove;). Vi har mange prosjekt og eg trur det blir veldig bra. No suge eg til meg alt av hage- inspirasjon og tips;) Platningen skal beisast ein av dagane no og då er den klar for hagemøblar, blomster, pynt og kos! :)

Ha ein fin tirsdagskveld vidare! ;)

Klem, Rakel :-)

 

torsdag 5. mai 2011

Soveromsbilder, igjen!

 

IMG_6117

God kveld! Her kjem eg med fleire soveromsbilder. Denne gang frå vårt soverom. Sidan sist er det komt opp nye gardiner her og nattlamper på veggen(dei har låge på vent sidan juni i fjor, ttt!). Soverommet trur eg det rommet eg er mest fornøgd med i huset mitt. Det er lyst, enkelt, masse skapplass og lufteveranda, den er eg glad i. Også syns eg soverommet er det enklaste rommet å halde ryddig og!

IMG_6118 IMG_6123

IMG_6125 IMG_6126

IMG_6120 IMG_6127

Idag var ein perfekt dag for bruk av lufteverandaen! :)

IMG_6112 IMG_6116

På mandag reiste påskebesøket vårt heim til Oslo. Det har ikkje blitt tid til noko data eller blogging med den herlege gjengen på besøk:):) Men no skal eg ta meg ei runde innom alle dei fiine bloggane dåkas;)

Har du eit rom du er meir fornøgd med enn andre? =)

Ha ei god natt og ein fiin fredag!!!! :-)