Viser innlegg med etiketten Soverommet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Soverommet. Vis alle innlegg

torsdag 5. mai 2011

Soveromsbilder, igjen!

 

IMG_6117

God kveld! Her kjem eg med fleire soveromsbilder. Denne gang frå vårt soverom. Sidan sist er det komt opp nye gardiner her og nattlamper på veggen(dei har låge på vent sidan juni i fjor, ttt!). Soverommet trur eg det rommet eg er mest fornøgd med i huset mitt. Det er lyst, enkelt, masse skapplass og lufteveranda, den er eg glad i. Også syns eg soverommet er det enklaste rommet å halde ryddig og!

IMG_6118 IMG_6123

IMG_6125 IMG_6126

IMG_6120 IMG_6127

Idag var ein perfekt dag for bruk av lufteverandaen! :)

IMG_6112 IMG_6116

På mandag reiste påskebesøket vårt heim til Oslo. Det har ikkje blitt tid til noko data eller blogging med den herlege gjengen på besøk:):) Men no skal eg ta meg ei runde innom alle dei fiine bloggane dåkas;)

Har du eit rom du er meir fornøgd med enn andre? =)

Ha ei god natt og ein fiin fredag!!!! :-)

torsdag 16. desember 2010

Soverommet vårt…med lysekrone!

 IMG_1630 IMG_1629

For litt sidan hadde eg eit innlegg om soverommet vårt.
Då skriev eg at ei ny lysekrone straks var på plass;)
Det er ei enkel lysekrone frå Ikea. Eg er fornøgd! No vart rommet mykje større.
Den gamle lampa tok nesten halve rommet! ;p

IMG_1622 IMG_1627

Ja, kattane kom fort opp på rommet då dei hørte romstering der.

Dei vil helst vere der eg er, koselege kattane;)

Snart skal det bli litt jul på soverommet og, vent og sjå;)

IMG_1625

Eg stressa litt om dagen, so det blir lite tid til blogging, masse som skal rekkast no før jul!!! Både på jobb og i heimen!

Eg gleda meg til helg! Med masse kjekt på menyen;)

God fredag alle sammen!!

Klem, Rakel

søndag 7. november 2010

Soverommet

 

IMG_1524

Idag har heile huset blitt rydda og alt av kle er vaska; godfølelse:)

På soverommet har eg bytta sengekle og vaska litt, så i kveld skal det blir deilig å legge seg!

IMG_1519

IMG_1533

I skrivande stund heng det ein ny lampe på soverommet. Ikea lampa vart for stor og idag har vi endeleg fått hengt opp den nye, som er ei lita lysekrone, den har eg faktisk hatt i hus sidan juni. Ting tar tid av og til;) Den lilla veggen har eg og ein plan for.

IMG_1525 IMG_1530

IMG_1521 IMG_1518

Rosene vi kjøpte på fredag hang allereie med haue idag…so då brukte eg nokre til å pynte med;)

No skal vi ete søndagsmiddag her, som idag er biff med godt tilbehør.

Ha ein flott søndagskveld! ;)

Klem, Rakel

lørdag 11. september 2010

Soverommet vårt….

 Idag har eg rydda og vaska soverommet vårt. Det blei ikkje noko bidrag til NIB denne månaden. Eg likar nemmeleg å gjere ting i mitt tempo, noko dei som kjenner meg, veit meeget godt;)  Men idag fekk eg ei god byge, med soverommet som offer;) Sist eg viste dokke dette rommet mangla det både gardiner og litt anna “pjall”.

IMG_4454

IMG_4451

IMG_4445 

Ekte blomster skulle vi hatt på nattborda kvar dag;)

IMG_4464

IMG_4463

Linselus; Tido jr. GOO`puusen:)

Lysestaken på golvet er laga av min pappa på sløyden ein gong i tida;) Då eg fann den var den svart, men etter ein omgang med meg og sprayboksen fekk den fargen sølv.

IMG_4449

Nattborda er frå ikea og sengeteppet frå princess.

IMG_4453

IMG_4443

 Etter berre eit år er eg lei den lilla veggen på soverommet…. Ja, det er tryggast å måle i lyse fargar. Veggen blir nok ikkje malt opp att med det første heller:(

IMG_4448 IMG_4456

Eit speil og ein liten speil-kommode er og komen på plass på soverommet. Saksa på det lille fatet tilhøyrde oldemora mi, som eg er oppkalt etter;) Eg fann den i sy-skrinet hennar i gamlehuset på garden som no er bror min sin. Skoen trur eg var eine av min far sitt første par.

IMG_4435

Her er det grått og regnar som berre det! For min del gjer det ikkje noko i det heile tatt. Eg har feber og er “tett i toppen”.  Då er det deilig å tenne masse stearinlys, sette på ein god film og synest skikkeleg synd i seg sjølv på sofaen;)

(Bilda her blei litt mørke og eg skuldar på veiret)

Håpar alle har ein fin lørdagskveld :)

 

mandag 26. juli 2010

Soverommet vårt.







Eg må ærleg innrømme at eg er blitt litt hekta på blogg dei siste dagane. Mykje av tida har gått med til å komme inni ting&tang her. Eg har ferie no (siste veka:() so derfor kan eg ta meg litt ekstra tid her og.
Eg snakka med søskenbarnet mitt i sta og ho var nysgjerrig på nattborda eg kjøpte på ikea sist veke, so her hoppa eg i det og legg ut nokre bilder fra soverommet vårt og:) Skulle igrunn ikkje handle nattbord, men falt for desse og hadde berre eit fra før, det har fått plass på gjesterommet no.
Lampa kjem og fra ikea, den har eg gått lei etter berre eit år, men må nok få henge litt lenger syns eg.
Den lilla veggen i fargen "aubergine" er den einaste veggen i huset som ikkje er lys. Eg syns eit soverom skal vere "reint" utan for mykje stasj, men det kan hende eg skal pynte det litt meir med enkle blondegardiner og "heimesydde" puter.

Ha ein fin kveld:)