onsdag 22. desember 2010

Jul ved inngangspartiet

 

IMG_2096

Eg har fått pynta litt til jul ved inngangspartiet vårt. Halmbukkane var på tilbod no, billege og fine å pynte med ute. Enkelt pynta med det eg fann, men julestemning vart det no :)

IMG_2113 IMG_2111

Potetkassen og andre gamle kassar eg har, er funn frå gamlehuset. Skøytene kjøpte eg på loppis i haust. Pappa lo godt når eg sa eg ikkje skulle gå på dei, men pynte med dei:p

IMG_2119 IMG_2110

Thujane har fått julelys på seg, utanfor er det koseleg om kvelden no!

Idag hadde vi julelotteri på jobb. Kjempeartig og overskotet går til ei god sak. Eg vann mykje!!! Snop, vin, noko julete osv….

Ellers er eg igrunn heilt klar for jul ! Er jo ikkje vits i å stresse…det som ikkje er gjort til no, får berre vere;)

HA EI FIN LILLEJULAFTAN I MORGON!!!

KLEM

tirsdag 21. desember 2010

Julekjøkkenet!

IMG_2014  IMG_2051

Nokre detaljer frå mitt julepynta kjøkken!

IMG_2019 IMG_2021

På søndag laga eg og min kjære pepperkaker, kvite kakemenn og kransekakestenger. No heng det pepperkaker i vinduet og på talerkenhylla.

IMG_2025 IMG_2029

IMG_2034 IMG_2031

IMG_2041 IMG_2048

To, søte mini- julestjerner:)

Idag har eg fått vaska heile huset, godt kva som er gjort! :)

Ynskjer alle saman ei riktig fin bitte lille julaftan i morgon! :)

Klem, Rakel

søndag 19. desember 2010

Jul i stua!

 

IMG_1783

Då var 4.søndag i advent her og julafta er rett rundt hjørnet! Ååå som eg gledar meg!

Vi har laga julekaker idag, kjempekoseleg! Og vi har vert hos besta mi å smaka på hennar sorta…;)

IMG_1828

IMG_1797

Idag viser eg bilder av mi julepynta stove. Her og er det raudt og kvitt som teller.

Vi har bestemt oss for ikkje å ha juletre i år. I fjor låg det julepynt frå treet rundt om i heile huset, kattane synest nemmeleg at det var veldig kjekt å leike med juletrepynten.  I år har dei allerede begynt å leike med smånissane eg har pynta med, vi får håpe dei kjem seg til neste jul!!

IMG_1814

IMG_1804

Eg har ikkje så veldig mykje julepynt enda, men det kjem seg vel år for år;) Koseleg er det verfall med nokre

innslag av raudt, stjernene som lyser i vindua om kvelden og levande lys i krinkar og krokar:)

IMG_1794 IMG_1792

IMG_1811 IMG_1800

Håpa alle har hatt ei fin helg og ein god søndag! :)

Klem, Rakel

lørdag 18. desember 2010

Snømannen Kalle!

 Vi har fått oss ein ven i hagen: snømannen Kalle!!

Vi laga han forrige helg….og om kvelden tenner vi lys i lykta hans, koseleg:)

IMG_1915

IMG_1927 IMG_1926

Var han ikkje søt vel? Rosinmunnen hans mangla visst enda…

I morgon skal vi i juletreskogen, ein fin tradisjon vi har siste søndagen før jul kvart år:)

Ha ein fiin lørdagskveld alle! :)

Vi skal i bursdag no….:)

Klem, Rakel

torsdag 16. desember 2010

Soverommet vårt…med lysekrone!

 IMG_1630 IMG_1629

For litt sidan hadde eg eit innlegg om soverommet vårt.
Då skriev eg at ei ny lysekrone straks var på plass;)
Det er ei enkel lysekrone frå Ikea. Eg er fornøgd! No vart rommet mykje større.
Den gamle lampa tok nesten halve rommet! ;p

IMG_1622 IMG_1627

Ja, kattane kom fort opp på rommet då dei hørte romstering der.

Dei vil helst vere der eg er, koselege kattane;)

Snart skal det bli litt jul på soverommet og, vent og sjå;)

IMG_1625

Eg stressa litt om dagen, so det blir lite tid til blogging, masse som skal rekkast no før jul!!! Både på jobb og i heimen!

Eg gleda meg til helg! Med masse kjekt på menyen;)

God fredag alle sammen!!

Klem, Rakel

tirsdag 14. desember 2010

Litt jul i gangen:)

 I trappeoppgangen, mellom stova og kjøkkenet

har det blitt pynta litt til jul:)

IMG_1781 IMG_1777

IMG_1779 IMG_1780

Litt raudt gjer god julestemning!!

Den store nissen er favoritten min i huset:)

Eg er veldig glad i nissar og håpar at samlinga skal bli større etter kvart:)

IMG_1905 IMG_1906

2. søndag i advent var eg og kjæresten i skogen å hogga dette søte treet +

eit til som vi har ute på trappa:)

Eg planta dei sjølv for 8 år sidan, det fortel litt om kor seint dei veks;p

I kveld har eg kosa meg med å pakke inn julepresanga!

Då kjende eg det krible litt i magen, ikkje lenge igjen no!!! ;)) hehe

Klem, Rakel

 

mandag 13. desember 2010

Julegardiner på kjøkkenet!

 No begynne det å bli nokre dagar sidan eg var her sist, faktisk over ei veke! Eg har nesten ikkje rørt dataen den siste veka, derfor lite blogging. Men bilde av eit julepynta hus har eg, både stove, gang og kjøkken.

IMG_1967 IMG_1948

IMG_1931  IMG_1946

I november, på Bergensturen til meg og min kjære, fann eg desse gardinene på salg. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg syntest dei var fine eller ei. Min kjære synest ikkje noko om dei; “dei ser ut som kjøkkenhandklede”, kom det frå han. Eg kan jo ikkje anna enn å sei meg enig i det, men då vi kom heim frå Bergen angra eg på at eg ikkje hadde kjøpt dei!

IMG_1970 IMG_1940

IMG_1983 IMG_1949

Då er det godt å ha slekt i Bergensområdet! Denne helga tok tanta dei med til meg, då dei skulle på hytta si her. Eg vart skikkeleg fornøgd. Kjæresten og faktisk;) Koselege og i gamal stil. Litt vanskeleg å sjå dei på bilde, finare i virkligheten! :)

IMG_1952

Eg kosar meg med heimelaga brød no. Er så lei knekkebrød at no mot jul må vi unne oss litt ekstra;)

Eg kjem innom deg om ikkje så lenge! Håpa alle har ei fin adventstid!

Klem, Rakel

(Den fine julestjerna fekk vi med tanta mi i helga, tuusen takk;))

fredag 3. desember 2010

God helg! :)

 IMG_1891 IMG_1888

Då kom helga igjen! Eg synest vekene flyg no for tida!!!!

Den eine amaryllisen min står so fint no! Amaryllis trur eg må vere favoritt blomsten min til jul.

 IMG_1894 IMG_1899

Nokre av sviblane har og begynt å blomstre:) Tre av dei har eg satt i vatn i ein fløtemugge i stova. I skåla som eg brukar til sukkerbitar, har kjærasten fylt opp med twist til helga.

Eg ynskjer alle ei god helg i det nydelege vinterveret!!!

Eg skal i bursdag til ei venninde i kveld, og skøytene er tatt fram for bruk i morgon! :)

Klem, Rakel