Viser innlegg med etiketten Green Gate. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Green Gate. Vis alle innlegg

mandag 25. oktober 2010

Spiseplassen på kjøkkenet

 

IMG_1133

God kveld! :)

Her er vi skikkeleg i julestemning for tida!! Idag har eg kjøpt stoff til noko som skal bli jule-gardin/kapper til kjøkkenvindauga. Vi gledar oss ekstra masse til jul i år. Vi ventar nemmeleg ein liten gut rundt nyttår, altså eg skal bli tante for første gang!!:) I helga hadde vi besøk av søstra mi med babymagen sin og sambuaren. Det blir berre so kjempekjekt med ein liten baby i familien! :)) Derfor har eg eit lite lappeteppe-prosjekt på gong og….:) Eg må jo gjere alt for at eg skal bli “bestetanta” hans;)

IMG_1139 IMG_1138

IMG_1151 IMG_1146

Idag viser eg nokre bilder av spiseplassen på kjøkkenet. Spisebordet og stolane vart kjøpt på Ikea i fjor sommar…trur eg falt for stolane fordi dei ser ut som dei kunne vert gamle…;) Lysekrona her er favorittlysekrona mi i huset vårt. Den vart kjøpt på salg i ein butikk som la ned i fjor haust..Kjempe synd, for her er ikkje altfor mange interiørbutikkar i den lille byen vi bur i.

IMG_1135 IMG_1153

IMG_1157 IMG_1158

I tallerkenhylla har eg bytta ut koppar og fat i sommarfargar med fat frå green gate, to fat frå middagsserviset mitt i grey pearl og litt anna dill;)

IMG_1155 IMG_1160

Eg synest green gate har så masse fint…dei nyaste fata mine passar så bra inn i årstida synest eg.

IMG_1145

I morgon blir det storreingjering av kjøkkenet. Skapa skal ryddast og vaskast, det samme skal veggar og tak! Godt kva som er gjort fram mot jul….for tida går ikkje akkurat saktare framover…

Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem, Rakel :-)

 

søndag 10. oktober 2010

Litt green gate nytt….

 Tenkte eg skulle vise dokke litt green gate nytt hos meg. Eg fekk litt green gate til bursdagen min av pappa og sambuaren hans J. Jorid var nettopp ein tur til Danmark og det er der desse herlegheitene er kjøpt:)

IMG_0716

IMG_0710

Eg fekk denne søte boksen som foreløpig berre står til pynt.

IMG_0713

IMG_0711

Og desse to fine skålene… Det er so mykje fint i green gate og eg ønsker meg maasse meir…:)

Eg har kjempelyst på noko i beige, så det blir nok ein liten tur på butikken i morgon…Hihi:)

IMG_0717

Skålene og boksen har fått plass i ei hylle på kjøkkenet.

IMG_0718

Snart er det mandag og ny veke. Tida flyyr spør du meg….og vips så er det helg igjen;)

Ha ein fin kveld alle som ser innom:)

 

fredag 10. september 2010

Kvite lyshus og boligmesse…

 Idag har eg og kjæresten min vore på boligmesse her i byen. Med gratisbilettar var han ikkje soo vanskeleg å be enn han elles ville vore;) Mykje spennande å sjå. Eg såg litt på sprosser, har tenkt lenge på å sette inn nye her. Massasjestol/pute vart og prøvd:) Stolen kjem aldri inn i mi stove, men kaanskje den kan få plass i kjellarstova, for den var berre heilt fantastisk  good:)

IMG_4401

Eg har og fått pakke i posten idag! Alltid like kjekt!!:)  Dei to søte lyshusa i kjøkkenvindauget kom og eit teppe som skal opp på hobby-rommet. 

IMG_4400

IMG_4408

Var ikkje husa berre super skjønne?:) Eg er blitt veldig glad i lyshus og kunne tenkt meg maaange fleire;)

IMG_4404

På kjøkkenbordet har eg skifta ut sølvfatet med det eine kvite brettet mitt. Duken kjøpte eg på salg i sommar, ganske sommarleg ja, men det gjer ikkje noko for her har vi sommarveret som ikkje kom i sommar;)

IMG_4411

IMG_4412 IMG_4413

Eit søtt kjøkkenhandkle frå Green Gate, det var på halv pris so då måtte eg berre ha det!! ;)

IMG_4415

IMG_4414

Vi kosar oss med sjokolade muffins ikveld. Oppskrifta finn du bak på toro si ferdigblanding;) Fort gjort på ein fredagskveld;)

Eg håpar alle har ein koseleg kveld! :)

lørdag 28. august 2010

Ny talerkenhylle på plass…

 Talerkenhylla som eg fann på bruktbutikken i sommar har komt på veggen. Etter nokre strøk kvitmaling og noken tenketimar på meg, hengte vi den opp på veggen i tv-stova:)  I hylla har eg litt inspirasjon til både meg og gjester og dei blå brukt-talerkenane. Oppå eit bilde av mine oldeforeldre og ein green gate kopp med ei falsk busk i;)

IMG_4253

IMG_4254 IMG_4257

Eigaren seier seg fornøgd med hylla for denne gang;)

IMG_4255

IMG_4275

Eg knipsa noken bilder av litt kjøkken og når eg først var i sving;)

IMG_4273

IMG_4261

Barometer lampa mi frå Ikea, som står i kjøkkenvindauget mitt no, skal opp på hobby/sy-rommet så snart som det er ferdig;)

IMG_4263

Her sit eg å blogga no;)  Sandkakeformene fann eg på bruktbutikken denne veka, kr 10,- for ca ti stykker:)

IMG_4250

Knipsa eit bilde frå tv-stova i stad, då regnbuen stod so fint ute med alle sine fiine farger;)

No skal vi på besøk til eit vennepar der vi skal samlast ein kjekk gjeng ikveld, det blir kos:)

Eg håper alle der ute får eg fin lørdagskveld!! ;)

 

tirsdag 24. august 2010

Pittelitt nytt hos meg:)

 På mandag var eg innom ein interiørbutikk her i “byen”. Heidis Bo heiter den. Ho har masse fint og er einaste som sel Green Gate her, som eg veit om vertfall;)

Eg kjøpte meg to nye lattekoppar som har midlertidig plass i kjøkkenvindauget mitt:) Oppi har eg ein kunstig blomst/tre frå Plantasjen.

IMG_4187 IMG_4186

På den samme fine butikken kjøpte eg meg ei korg som er perfekt til å ha interiørblad og post i:)

Eg fann den samme korga i Tvedestrand i sommar, men lot vere å kjøpe den då. Men no når eg såg den igjen måtte eg berre ha den. Den er jo berre sooo fin:)

IMG_4185

Midlertidig har den fått plass på veggen på kjøkkenet, såg kanskje litt rart ut syns eg, menmen:)  Den lille knaggen med speil kjøpte eg på salg for ei stund tilbake.

IMG_4184

Eg håper alle får ei good natt:)

Klem:)