Idag har eg og kjæresten min vore på boligmesse her i byen. Med gratisbilettar var han ikkje soo vanskeleg å be enn han elles ville vore;) Mykje spennande å sjå. Eg såg litt på sprosser, har tenkt lenge på å sette inn nye her. Massasjestol/pute vart og prøvd:) Stolen kjem aldri inn i mi stove, men kaanskje den kan få plass i kjellarstova, for den var berre heilt fantastisk good:)

Eg har og fått pakke i posten idag! Alltid like kjekt!!:) Dei to søte lyshusa i kjøkkenvindauget kom og eit teppe som skal opp på hobby-rommet.
Var ikkje husa berre super skjønne?:) Eg er blitt veldig glad i lyshus og kunne tenkt meg maaange fleire;)
På kjøkkenbordet har eg skifta ut sølvfatet med det eine kvite brettet mitt. Duken kjøpte eg på salg i sommar, ganske sommarleg ja, men det gjer ikkje noko for her har vi sommarveret som ikkje kom i sommar;)
Eit søtt kjøkkenhandkle frå Green Gate, det var på halv pris so då måtte eg berre ha det!! ;)
Vi kosar oss med sjokolade muffins ikveld. Oppskrifta finn du bak på toro si ferdigblanding;) Fort gjort på ein fredagskveld;)
Eg håpar alle har ein koseleg kveld! :)
2 kommentarer:
Kjempekoseleg hos deg☺
Vi droppa boligmessa-føler den er mest for dei som har husplana!
God helg vidare☺
Klem M♥
Så kjempefin blogg du har!! Kost meg lenge med innleggene dine nå, og gleder meg til å se mer. Vakre bilder!!
Ønsker deg en god helg videre!
Klem, Trine
Legg inn en kommentar