mandag 25. april 2011

Blå gang

 Påska 2011 er snart over og kvardagen begynner igjen i morgon. Her i huset kunne vi godt tenkt oss nokre dagar ekstra med frukost på altanen, hagearbeid, og familie og vennebesøk:) Det er godt å tenke på at mai er full av røde dagar, i juni skal eg avspassere ei veke og i juli begynner ferien! :)

IMG_5620

Eg fekk pakke frå Ellos før påske. Dei blå hortensiane kom+ nokre lykter og ei hengekøy som vi skal ha ute:) Eg er igrunn ikkje så glad i falske blomster men desse syns eg var fine, og så er det greit å ha det enkelt i kjellaren.

IMG_5621 IMG_5639

IMG_5637 IMG_5625

IMG_5633 IMG_5627

Det meste skjer ute om dagen, men eg har nokre malingsprosjekt inne eg kunne tenkt meg å bli ferdig med før sommaren. Og så er det badet då! Er det nokon som kan dei nye reglane angåande oppussing av bad!?? Eg skal sjekke det ut denne veka, har hørt/lest om det nemmelig.

IMG_5638 IMG_5630

Har du nokre ute eller inneplanar denne våren? :)

Håper du har hatt ei fin Påske med masse kooos og soool!

Ha ei FIN veke alle!!! :)

fredag 22. april 2011

Vår ved inngangspartiet

 

IMG_5889

Eg er i skikkeleg utestemning no om dagen. Eg blir så glad av våren og lyse, fine dagar. Her ligg framleis nokre flekkar med snø på plenen, men ved inngangen har eg planta og pynta opp med påskeliljer, stemor, nye vintergrønne planter, lyng og lavendel:) Idag har vi hatt den varmaste dagen hittil i år, herlig!

IMG_5883 IMG_5876

IMG_5886 IMG_5887

IMG_5885 IMG_5884

IMG_5893 IMG_5881

Vi har brukt platningen for første gang i år. Det var varmt nok til bekini og shorts, og mykje utearbeid er unnagjort. Finfiin dag:)

Eg håper alle sammen har ei fin PÅSKE!

Og at SOLA skinner hos deg, som hos oss;-)

torsdag 14. april 2011

Sommarleg gjesterom

 Då var gjesterommet klart for vår/sommargjester;) Eit gjesterom kan fort bli til kott/roterom. Kofferter, dyner, støvsugar, ovnar, kassar, pynteting osv….har på mystisk vis tatt over gjesterommet i vinter. Men no er det klart igjen!

IMG_5549 IMG_5541

IMG_5543 IMG_5540

Lyst og enkelt innreda, med nokre rosa og lilla detaljar :)

IMG_5546 IMG_5542

IMG_5547 IMG_5544

Dagane flyyyr. Helga kjem til å gjer det samme. Vi skal feire bursdagen til min kjære 2.helga på rad. Denne gang med familiebesøk, kaker og kaffi:)

Eg gledar meg til påskekos og mai, som er like rundt hjørnet! =)

Ha ein fin torsdagskveld alle;-)

tirsdag 12. april 2011

Tilbake etter ferie og ein liten bloggpause….

IMG_5388 IMG_5386

Det er ei lita stund sidan vi kom heim frå ein herlig ferie i Thailand. Blogglysta har ikkje vert der etter vi kom heim, men eg har fått gjort litt av mine planer i huset og planlagt fleire;) Det var deilig å komme heim til lysare kvelder og sjå at våren ikkje var langt vekke. Her ligg det enda litt (ca 30cm:() snø, men eg har allerede vert ute å planta i potter og kjøpt inn litt nytt til uterommet! Kjenner eg er veldig klar for sommar!

På kjøkkenet har eg hengt to bildehyller som eg har kokebøkene mine i. Syns det vart både fint og praktisk.

IMG_5396 IMG_5402

IMG_5400 IMG_5399

Og nokre bilder frå spisestua som mangler stolar før den kan brukast. Den gamle slagbenken er komt i hus, men må vaskast og behandlaste med mottmiddel før den er klar.

Neste gang blir det å vise nokre feriebilder frå Thailand, som eg trygt kan anbefale etter mitt andre besøk i landet! :)

Har du planer for uterommet i år? =)

Håper du har ei fin veke :-)