mandag 26. juli 2010

Soverommet vårt.







Eg må ærleg innrømme at eg er blitt litt hekta på blogg dei siste dagane. Mykje av tida har gått med til å komme inni ting&tang her. Eg har ferie no (siste veka:() so derfor kan eg ta meg litt ekstra tid her og.
Eg snakka med søskenbarnet mitt i sta og ho var nysgjerrig på nattborda eg kjøpte på ikea sist veke, so her hoppa eg i det og legg ut nokre bilder fra soverommet vårt og:) Skulle igrunn ikkje handle nattbord, men falt for desse og hadde berre eit fra før, det har fått plass på gjesterommet no.
Lampa kjem og fra ikea, den har eg gått lei etter berre eit år, men må nok få henge litt lenger syns eg.
Den lilla veggen i fargen "aubergine" er den einaste veggen i huset som ikkje er lys. Eg syns eit soverom skal vere "reint" utan for mykje stasj, men det kan hende eg skal pynte det litt meir med enkle blondegardiner og "heimesydde" puter.

Ha ein fin kveld:)

Ingen kommentarer: