
God kveld! :)
Her er vi skikkeleg i julestemning for tida!! Idag har eg kjøpt stoff til noko som skal bli jule-gardin/kapper til kjøkkenvindauga. Vi gledar oss ekstra masse til jul i år. Vi ventar nemmeleg ein liten gut rundt nyttår, altså eg skal bli tante for første gang!!:) I helga hadde vi besøk av søstra mi med babymagen sin og sambuaren. Det blir berre so kjempekjekt med ein liten baby i familien! :)) Derfor har eg eit lite lappeteppe-prosjekt på gong og….:) Eg må jo gjere alt for at eg skal bli “bestetanta” hans;)
Idag viser eg nokre bilder av spiseplassen på kjøkkenet. Spisebordet og stolane vart kjøpt på Ikea i fjor sommar…trur eg falt for stolane fordi dei ser ut som dei kunne vert gamle…;) Lysekrona her er favorittlysekrona mi i huset vårt. Den vart kjøpt på salg i ein butikk som la ned i fjor haust..Kjempe synd, for her er ikkje altfor mange interiørbutikkar i den lille byen vi bur i.
I tallerkenhylla har eg bytta ut koppar og fat i sommarfargar med fat frå green gate, to fat frå middagsserviset mitt i grey pearl og litt anna dill;)
Eg synest green gate har så masse fint…dei nyaste fata mine passar så bra inn i årstida synest eg.
I morgon blir det storreingjering av kjøkkenet. Skapa skal ryddast og vaskast, det samme skal veggar og tak! Godt kva som er gjort fram mot jul….for tida går ikkje akkurat saktare framover…
Ha ein fortsatt fin kveld!
Klem, Rakel :-)