Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

torsdag 21. oktober 2010

Snø og julestemning!

Då vi kom heim frå jobb idag i 4tida var det ca 30cm snø her… Min kjære var strålande fornøgd, då vi kjøpte snøfres i slutten av forrige snøsesong! :) Han har kosa seg med å måke tunet og eg har dulla inne….

IMG_1087 IMG_1073

Eg synest det er litt tidleg med snø i slutten av oktober….men eg kjem skikkeleg i julestemning av snøen, og det betyr at eg er begynt å lage litt til jul:)

IMG_1094

Eg kjøpte dette juleheftet på butikken denne veka….Ååå så masse fint eg vil lage!!! Kjæresten min meiner eg alltid har fleire prosjekt på gong…og det er vel kanskje sant, so no skal eg holde meg til eit prosjekt om gangen;) Idag har eg sydd hjerter til ei heimelaga lysekrone som det står oppskrift på i heftet.

IMG_1105

Heimelaga rundstykker har blitt baka her idag. Kun grovt og fint speltmjøl+ solsikkefrø inni og på toppen. Sunne og gode vart dei!:)  Eg laga dei i muffinsformer sida det stod i oppskrifta:)

No skal eg fylle opp frysen til vi får besøk i helga:)

IMG_1100

IMG_1101

…..og nokre gjekk ned til kvelds ikveld;)

Kosar du deg inne i snøveret? =)

Klem, Rakel :-)

 

fredag 10. september 2010

Kvite lyshus og boligmesse…

 Idag har eg og kjæresten min vore på boligmesse her i byen. Med gratisbilettar var han ikkje soo vanskeleg å be enn han elles ville vore;) Mykje spennande å sjå. Eg såg litt på sprosser, har tenkt lenge på å sette inn nye her. Massasjestol/pute vart og prøvd:) Stolen kjem aldri inn i mi stove, men kaanskje den kan få plass i kjellarstova, for den var berre heilt fantastisk  good:)

IMG_4401

Eg har og fått pakke i posten idag! Alltid like kjekt!!:)  Dei to søte lyshusa i kjøkkenvindauget kom og eit teppe som skal opp på hobby-rommet. 

IMG_4400

IMG_4408

Var ikkje husa berre super skjønne?:) Eg er blitt veldig glad i lyshus og kunne tenkt meg maaange fleire;)

IMG_4404

På kjøkkenbordet har eg skifta ut sølvfatet med det eine kvite brettet mitt. Duken kjøpte eg på salg i sommar, ganske sommarleg ja, men det gjer ikkje noko for her har vi sommarveret som ikkje kom i sommar;)

IMG_4411

IMG_4412 IMG_4413

Eit søtt kjøkkenhandkle frå Green Gate, det var på halv pris so då måtte eg berre ha det!! ;)

IMG_4415

IMG_4414

Vi kosar oss med sjokolade muffins ikveld. Oppskrifta finn du bak på toro si ferdigblanding;) Fort gjort på ein fredagskveld;)

Eg håpar alle har ein koseleg kveld! :)

torsdag 9. september 2010

Innekos…

 Endeleg eit lite innlegg frå meg. Denne veka har gått i ett! Mandag og tirsdag gjekk vekk i kurs med jobben. Klokka vart både 21 og 23 før eg kom meg heim. Igår fekk eg besøk av ei venninde, saman med sofaen kosa vi oss med smoothie og mykje tyting;))

IMG_4387

Idag kom min kjære heim. Han er som regel på reis med jobben frå mandag-torsdag kvar veke:( Kjedeleg for meg? JA! Men so får vi tenke på at det ikkje blir for alltid:)

Han fortente noko godt idag sidan han er so snill og good:) Glutenfrie muffins vart det, då eg ikkje toler kveitemjøl.

IMG_4390

IMG_4394

Muffinsane vart gode dei, om ikkje dei vart heilt perfekte utvendig;)

IMG_4388

Innekos er herleg, med levande lys og fyr i ovnen. Vi har ei fin tid i vente:)

Ha ein koseleg kveld alle! :)

søndag 29. august 2010

Stasjing av hylle:)

Idag har eg pynta med litt nytt på den lille hylla i stova. Eg kjøpte eit nytt hjerte av tre på blomsterbutikken igår som har fått plass på eine knaggen. Oppå har K-en hamna og ein Green Gate lattekopp med ei falsk busk i. Eg har to av desse sånn at dokke ikkje trur at eg flyttar på den kvar dag;)

IMG_4287

IMG_4290 IMG_4291

Eg er veldig glad i hyller, noko dokke sikkert har skjønt:)

Til lunsj idag laga eg ein stoor bolle salat, med smoothie til drikke. Kjempegodt og ikkje minst sunt!

IMG_4277

Oppi hadde eg egg, marinert kylling, ananas, paprika, agurk  og solsikkefrø. Den blei kjempegod, sjølv for ein kresen, stakkar. Nei, sambuaren min er ikkje så glad i alt grønt, men han et det meste når det kjem på bordet;)

IMG_4276

Dippen og gulrøtene måtte vi spare til kvelden då vi vart stappmette av salaten;)

IMG_4278

 

Søndag er den beste dagen i veka syns eg! :)

I morgon begynner ei ny veke med nye moglegheiter. Eg skal male ferdig hobby-rommet mitt og kanskje få flytta inn på det og;) Gledar meg!

Håper alle som er innom har hatt ei fiin helg! :D