mandag 24. januar 2011

Husets Planer Framover…..!

 Då var eg heime igjen etter ei lita veke i Oslo…Planlegg allereie ny tur ned til min skjønne, gode tanteunge og resten av gjengen min der:) Håpa eg skal få meg ein tur i månaden kanskje, det er jo det første året dei utvikla seg/lære mest og det er viktig for tanta å få med seg mest mulig;)

IMG_4153

Idag har eg kosa meg med litt planlegging vidare av huset….Eg har ingen tidsfrist for prosjekta, men å planlegge kva som gjenstår skadar vel ingen;) Budsjettet mitt er ikkje stort…Badet i den mellomste etasjen, som er det dyraste på planen lar vente på seg eit par år til.

Kjellar:

- kjellarstove: panel og paneltak skal målast/noko beisast. Innrede med sofa osv.

- eit soverom: skal bli trimrom.

- gjestebad: male, ny innredning?..,

IMG_1183

Mellomste etasje:

- tv-stove/kammers skal bli til spisestue. Her trengs stort spisebord, nokre stolar eller stoltrekk, gamal slagbenk som eg har…

- Stue: mitt gamle skatoll skal malast og få plass her. Enkle hyller og litt bilder på veggane…

- gang: bildevegg.

IMG_1522

Loft:

- gang, dører og skap skal målast

- toalett: målast, innredning målast/ny?,….

- litt stæsjing på gjesterommet….

- hovedsoverom: ny farge på den eine veggen, som no er lilla.

IMG_1584

Det var planane mine so langt…vi har og lyst å innreie garasjeloftet til ei koseleg stove…Der mangla berre å tilkoble strøm….men so er det jo litt begrensa kor mange stove vi eigentleg treng med det først…hehe…

Eg begynn på eit av prosjekta allereie i morgon…Det er rart kva desse årstidene gjer med oss….so snart jula er rydda ut og det går mot lysare tider er vi klare for nye utfordringa;)) Halve morroa er igrunn planlegginga spør du meg…Eg kan sitte i timesvis å drømme meg vekk…:)

Kva slags planar har du for heimen din framover?=)

Ha ei fiin veke du som stikk innom:)

Klem, Rakel

 

lørdag 22. januar 2011

Kjekt å vere tante

 

IMG_4758

Sjå på den nydelege prisen eg er tante til! Han er eg på besøk hos no…Nyte kvart sekund:) Eg har fått kosa og byssa so masse eg har villa på han, herleg:)

IMG_4784

Eg får ikkje nok av han;) Emrik heiter han, forresten! :)

Eg kjem nok sterkare tilbake på interiør-fronten neste veke får vi tru;) Der har det gått i sortering av skap og boder den siste tida…Deilig å få det gjort!

Ha ei fortsatt fin helg alle:))

Klem, Tante Rakel ;))

onsdag 12. januar 2011

Nytt år, nye muligheta;)

Først og fremst vil eg ønske alle dokke her inne i blogglandia eit godt nytt år. Litt seint ute ja?, det har blitt litt lita tid til blogging i det siste. Vi hadde ei fin og avslappande romjul ilag med venna og familie. Mykje fri, god mat og late dagar;) Derfor var det ekstra godt å komme i januar og i vanleg gjenge igjen!

IMG_2237

På søndag kasta eg ut jula. Guuu kor godt var!!!! No ser huset litt tomt ut og med lite fargar. Kanskje kjem det inn nokre fargar etterkvart;)

Bilda av stova knipsa eg no ikveld, etter at eg kom igjen frå slalombakken. Der er det suupre forhold for tida:))

IMG_2238 IMG_2242

Denne kroken er sjeldan ryddig. Litt av grunnen til det er den teite tv-benken som er utan skuffer til oppbevaring av duppedingsar til tven og wii maskina. Eg er på jakt etter ein ny med skuffer og som er litt høgare enn denne. Men det skal ikkje vere lett å finne den rette!!

IMG_2249 

Eg har hengt opp hjerte-lyslenka på vitrineskapet, slik at det er litt lysare i den delen av stova.

Vingene og det eine hjrtet som heng på hylla vann eg i give away hos jeanette med bloggen chanettes hvite sky,+ litt juledill som eg ikkje får visst dokke før til neste jul. Treige meg!! Tuuusen takk Jeanette!! Eg blei kjempeglad for alt!!! :)

IMG_2250 IMG_2257

IMG_2254 IMG_2256

Vi har masse kjekt å sjå fram til i det nye året allereie. I romjula vart eg tante for første gang til ein nydeleg liten gut. Eg har ikkje fått sett han enda for han bur i Oslo, men neste veke blir det ein tur på besøk. Det gledar eg meg skikkeleg til!!! Og om nokre veker reiser eg og kjæresten til Thailand på ferie. Det skal bli godt, det! Eg har vore der ein gong før og det er virkelig eit land til å annbefale!!!!

Husets planer er og klare;))

Har du nokre planar for 2011???

Ha ei god natt:)

Klem, Rakel