Viser innlegg med etiketten Min gang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Min gang. Vis alle innlegg

torsdag 16. september 2010

Gangen min….

 ….har sidan sist eg viste den fram her inne, fått litt meir stæsj;)

IMG_4524

Ei enkel hylle eg hadde liggande er komt på veggen og med to små knaggar under vart hylla fin synest eg.

IMG_4525 IMG_4526

Kassa under hylla fann søstra mi i det mykje omtalte gamlehuset;) Kassa er hennar, men eg håper det er greit at eg lånar den litt før dei treng den sjølv;) Oppå kassa har eg ei korg med skjerf, huer og anna varmt til kalde haustdagar.

IMG_4529

IMG_4530 IMG_4531

Litt dill på knaggane og lykter på toppen;) Bilde de ser er av ei “fin frue” i Oslo som oldemora mi var tenestepike hos på byrjinga av 1900-tallet. På bilde står det: “Til min snille pige Rachel, som forlader mig at gifte sig. Fra gamle fru M Nyquist. 21 juni 1916.”  Synset det er skikkeleg kjekt å ha skattar som dette bilde, eg! :)

IMG_4517

IMG_4518

IMG_4519

På knaggen som er komt opp, heng ei veske etter oldemora mi. Eg hadde den med meg rundt kvart år når vi gjekk nyttårsbukk som barn. I veska samla eg alt snopet eg fekk.

IMG_4533

IMG_4534

Korga som hang på kjøkkenet står no på sjenken i gangen. Eg fann ut at den ikkje tok seg så godt ut på kjøkkenet, men her står ho fint! :)

IMG_4537 IMG_4538

IMG_4536

Heimlaga bilder; ramme spraya i perlegrå, bilde med nostalgiske motiv, hønsenetting og litt blonder. Fine å pynte med. Her fekk eg inspirasjon frå de blaggera, tusen takk;)

IMG_4523

IMG_4522 IMG_4521

Kofferten min har flytta ned. No ligg han under benken å pyntar opp;)

IMG_4539

IMG_4540

Bordet som eg viste de i sommar. Ein stoor skatt spør du meg! Det manglar litt pynt både på bodet og på veggen over men det kjem;)

IMG_4545

Eg lagar fårikål til middag idag. Det luktar kjempe godt! :) Og snart kjem kjærasten heim frå jobbveke i Sogn;)

Nyt torsdagskvelden alle sammen!!:)

Det skal eg! :)

(Namnet på bloggen har eg skifta idag, var ikkje særleg begeistra for det. Adressa er den samme;))

 

 

tirsdag 14. september 2010

Trappa før/etter…

 I eit tidlegare innlegg om trappa mi, skreiv eg at eg skulle legge ut før/etter bilder av ho seinare. Seinare vart idag då eg såg igjennom bilder på dataen min og fann bilder av trappa før/underveis. . Trappa er 22 år gamal og trengde sårt ei oppussing;) 

Før:

IMG_3645 IMG_3642

IMG_3646 

IMG_3647

Den fekk 1 strøk med grunning og 2 strøk med oljemaling i fargen bomull. Etter at maskeringstape var av og malingsspanna rydda vekk såg eg at trappa kunne trengt 1 strøk til, men fin vart ho og vi er fornøgde so det siste strøket får vente liiiitt på seg;)

IMG_3834

Flinken min. Eg reiste på shoppingtur til Bergen mens han var heime å malte siste strøket på trappa:)

Her kjem etter bilder av trappa, tatt i sommar:

IMG_3849

IMG_3843IMG_3850 IMG_3873

Vart ikkje ho fin? :) Det ligg litt arbeid bak denne forvandlinga, men det var sooo verdt det!  Med tida kan det hende eg malar trinna grå eller legg teppe i dei. Det er neimen ikkje mange gongane ein kan gå opp og ned trappa før merkene begynner å komme nei:(.

Som de ser kan vi ikkje ta fri frå målekosten so altfor masse lenger! Ein gang på loftet ventar….

Eg er heime med feber og tett hals idag. Kjedeleg og ikkje har eg tid til å vere sjuk heller!

Ha ein fin dag då, alle sammen:)

fredag 20. august 2010

Putesying:)

 Endeleg har benken fått seg puter. Det vart noken enkle puter  denne gongen men det kjem nok snart meir på syfronten frå meg:) Neste veke skal eg nemmeleg begynne på hobby/sy- rommet mitt. Gledar meg til å kunne ta det i bruk!

Som dokke ser vart det litt for mange puter for den stakkars benken, so eg har måtta fordelt dei utover litt;)

IMG_4146 IMG_4147

IMG_4155 IMG_4151

Den store benken og den lille benken i gangen fekk seg nye puter idag:)

IMG_4154

IMG_4082

IMG_4164 IMG_4167

Dei to “kjedelege” kvite havna på soverommet:)

IMG_4170

Oppå denne nydelege duken som besta mi har strikka har eg fått meg ein søt hjerteranke til helga:) Alltid kjekt med nye blomster!

På bilde ser du mamma sin familie på søndags utflukt i sin første bil. I folkevogna var dei 8 stykker på denne turen. Ganske stilig! Kjekt med gamle bilder=)

 

Etter ei effektiv veke både ute og inne er det endeleg helg! Skal vise dokke litt frå det vi har gjort i hagen ein dag:)

 

Ei gooood helg ynskjer eg alle der ute!

Klem frå Rakel;)

torsdag 5. august 2010

Fridagen vart brukt til…

…..litt shopping og vasking av hus…

Idag har eg hatt fri frå jobb. Då eg jobbar 3.kvar helg har eg fri torsdagen før helga, kjempeherlig!

Idag tidleg reiste eg til sentrum på ei lita shopping-runde….. Eg var innom bruktbutikken og fekk meg ei talerkenhylle til 75,- den har fått eit strøk maling og skal få eit til. Eg kom og heim med ei hylle frå Kremmarhuset, den fekk eg til berre 200,- for den mangla ein knott, den skal få plass på kjøkkenet. Den prikkette duken kjøpte eg på domus til 109, eg syns den er kjempesøt.

 IMG_3937  IMG_3936

IMG_3928IMG_3938 

 IMG_3939IMG_3942

Gangen i 2.etasje har og fått litt stasj:) Eg mala eit enkelt bord og kappa av det for å ha det som konsollbord her i gangen. Gangen er veldig smal men eg fann ei god løysin syns eg:)

 

Ha ein fortsatt fin kveld :)

søndag 25. juli 2010

Gang og trapp.

Gangen på loftet er vi ikkje komt igang med, den blir forhåpentligvis eit prosjekt før jul.

Gang og trapp i 2.etasje.




Benken kjøpte eg for å ha ute, men syns den passa so godt i gangen at den fekk plass der. Har kjøpt stoff i blått og kvitt, så benken skal få noken puter etterkvart er planen:)









Sjenken har eg mala og bytta knotta på.





Trappa pussa vi ned, grunna og mala den i fargen bomull.



I 2.etasje bytta eg dørvridera nyleg, desse skal byttast i 1.etasje og. Så skal søstra mi få desse til leiligheta si.


Vindfang, gangen og vindfang pussa eg opp for 2 år sidan. Eg er veldig glad i denne døra.



Her kjem eg endeleg med mitt første innlegg. Som huseigar er ein aldri arbeidsledig, no er vi nett ferdig med å male trappa. Det var litt av ein jobb, men vi er kjempe fornøgde med resultatet:)) Derfor legg eg ut litt bilete frå trappa idag, og trappeoppgangen:) Eg er sjølv veldig glad i før og etter bilde, men har dessverre ingen før bilder av trappa idag, for dei ligg på ei anna brikke, men skal prøve å få lagt dei ut seinare.
Ha ein fin kveld :) Klem nybegynnaren.