Då var det helg igjen, og kun ei arbeidsveke igjen før ferie! :) Eg er optimist og trur at godveret kjem med ferien;) Eg har 1000 prosjekt på gong inne, typisk meg, å begynne på fleire ting på ein gong. Spisestua nærma seg, eg skal ha hyller over slagbenken og ny lampe/lamper i taket, og benken skal få madrass og masse fine puter!
I kjellaren står skatollet mitt ferdig! Tenk at det skulle ta 3 månedar før eg malte det ferdig med 2.og 3. strøk. Det er ikkje alltid eg er i malehumør!
Dessutan står nokre av mine siste finn-kjøp å ventar på målekosten, mens ein sjenk og eit bord skal hentast i helga. Utrulig kjekt å kjøpe nydelige møbler til nesten ingenting! I stua vår blir nesten alle møblane bytta ut med “nye”, og dei “gamle” skal få seg ein ny plass på eit anna rom.
Satsar på å få tatt meg ei bloggrunde ikveld, det blir desverre ikkje prioritert for tida:(
HA EI NYDELIG HELG ALLE SAMAN!!! :)