Viser innlegg med etiketten Gamle skatter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gamle skatter. Vis alle innlegg

tirsdag 30. november 2010

Gammal slagbenk

 Denne gamle slagbenken får vi snart i hus. Planen er å ha den i spisestua. Men sidan vi mangla både spisebord og stola der inne og sidan det ikkje står på busjettet akkurat no, skal den få plass nede i hallen i første omgang;)

IMG_1844

Eg veit ikkje nøyaktig kor gammal den er, men det skal vi prøve å finne ut.

Eg gledar meg til å sette den i stand. På toppen mangla det ein del som vi må leite litt etter. Det einaste vi skal gjere med den, er å vaske den godt. Ein so fin skatt sleppe lett unna malekosten hos meg.

IMG_1843

Var den ikkje nydeleg vel? :)

Eg er veldig glad i benkar har eg funne ut:)

Ha ei god natt alle sammen:)

I morgon skal eg lage ferdig julekalendaren til min kjære:)

Klem, Rakel

torsdag 7. oktober 2010

“Lopper i blodet!”

 Her kjem mitt lille innlegg til Nib`s konkurranse “lopper i blodet”.

Eg har valt ut tre av mine fovorittar i heimen vår.

Denne singer symaskina fann eg i eit av dei gamle husa på gården som min kjære kjem i frå. Gammal og fin stod den å venta på meg!;)

IMG_0638

IMG_0646

IMG_0645

I tilfeldig rekkefølge…Nr 2: Kista mi frå 1865. Den har eg arva av farmor. Eg synest den er kjempefin!!

IMG_0651

IMG_0657

IMG_0658

Mitt siste loppe-funn for denne gang…. Eit bord som kjem frå gården mi mor kjem i frå. Inntil nyleg stod det i gamlehuset på gården, som no er bror min sin. Eg har plassert det i gangen min:)

IMG_0662

IMG_0671

IMG_0665

Eg har mange “lopper” som står klar for oppussing. Det står vel eigentleg berre på eigaren;)

Håpe alle har ein fin torsdags kveld:)

Klem, Rakel :-)

torsdag 23. september 2010

Litt stue:)

 Store deler av denne torsdagskvelden har eg tilbrakt i sofakroken med div tv-program, heilt til eg vart rastlaus. Eit resulat av det vart oppheng av dei nye gardinene. Eg synest dei passa bra inn og har foreløpig ikkje planer om å bytte desse òg;)

IMG_4651

Fargen på veggane i stua mi er cafelatte. Det går opp og ned med meg, når det gjeld om eg er fornøgd med den eller ikkje. No for tida er eg veldig fornøgd. Hadde den vert lysare hadde dei lyse møblane mine og veggane gått i eitt. Og gardinene passa jo bra ilag med fargen og;)

IMG_4664 IMG_4653

IMG_4652

IMG_4654

Lyng høyrer hausten til:)

Lyshusa eg ikkje klarte å gå ifrå på Kremmerhuset. Desse er no på kampanje til 99,- og 59,-. :)) Lyser kjempe flott:)

IMG_4656 IMG_4662

Eit heimelaga hjerte av lin og blonder heng på den eine lysestaken. Litt vanskeleg å sjå på bilde, ja….

IMG_4655

Under lysestaken ligg ei gammal bok eg fann på mørkeloftet i gamlehuset på heimgarden til sambuaren min. Den er frå 1888, klarer ikkje heilt å tyde kva den heiter;p Det er nok nokon som ler av meg og desse gamle tinga mine, men eg synest den pyntar opp der den ligg, eg! ;)

IMG_4667

Svigermor abonerer på Kamille å sender dei til meg når ho er ferdig med dei…. Så her er lesestoffet mitt resten av kvelden. Kjekt å lese litt anna enn interiørblad og, av og til:)

IMG_4663

I morgon kjem det bilder av den andre enden av stova, med nye gardiner (om den er rydda;)).

Eg er super klar for helg i morgon!! :))

Håper alle der ute har det bra! :)

Klem, Rakel :-)

torsdag 16. september 2010

Gangen min….

 ….har sidan sist eg viste den fram her inne, fått litt meir stæsj;)

IMG_4524

Ei enkel hylle eg hadde liggande er komt på veggen og med to små knaggar under vart hylla fin synest eg.

IMG_4525 IMG_4526

Kassa under hylla fann søstra mi i det mykje omtalte gamlehuset;) Kassa er hennar, men eg håper det er greit at eg lånar den litt før dei treng den sjølv;) Oppå kassa har eg ei korg med skjerf, huer og anna varmt til kalde haustdagar.

IMG_4529

IMG_4530 IMG_4531

Litt dill på knaggane og lykter på toppen;) Bilde de ser er av ei “fin frue” i Oslo som oldemora mi var tenestepike hos på byrjinga av 1900-tallet. På bilde står det: “Til min snille pige Rachel, som forlader mig at gifte sig. Fra gamle fru M Nyquist. 21 juni 1916.”  Synset det er skikkeleg kjekt å ha skattar som dette bilde, eg! :)

IMG_4517

IMG_4518

IMG_4519

På knaggen som er komt opp, heng ei veske etter oldemora mi. Eg hadde den med meg rundt kvart år når vi gjekk nyttårsbukk som barn. I veska samla eg alt snopet eg fekk.

IMG_4533

IMG_4534

Korga som hang på kjøkkenet står no på sjenken i gangen. Eg fann ut at den ikkje tok seg så godt ut på kjøkkenet, men her står ho fint! :)

IMG_4537 IMG_4538

IMG_4536

Heimlaga bilder; ramme spraya i perlegrå, bilde med nostalgiske motiv, hønsenetting og litt blonder. Fine å pynte med. Her fekk eg inspirasjon frå de blaggera, tusen takk;)

IMG_4523

IMG_4522 IMG_4521

Kofferten min har flytta ned. No ligg han under benken å pyntar opp;)

IMG_4539

IMG_4540

Bordet som eg viste de i sommar. Ein stoor skatt spør du meg! Det manglar litt pynt både på bodet og på veggen over men det kjem;)

IMG_4545

Eg lagar fårikål til middag idag. Det luktar kjempe godt! :) Og snart kjem kjærasten heim frå jobbveke i Sogn;)

Nyt torsdagskvelden alle sammen!!:)

Det skal eg! :)

(Namnet på bloggen har eg skifta idag, var ikkje særleg begeistra for det. Adressa er den samme;))

 

 

mandag 16. august 2010

Nytt skap:)

 I ferien var eg og svigerinna mi i Bergen å besøkte litt slekt:) Søskenbarnet mitt tipsa meg om butikken Stoff&stil. Dei hadde suuper masse fint!!! Eg kjøpte stoffet under, det skal bli til puter til benken min i gangen nede. I løpet av veka skal eg nok vere ferdig med dei:)

IMG_4082

Etter middag idag reiste eg ein tur til den lokale sybutikken her. Dei hadde 50% på alt stoff, ikkje det heilt store utvalget men eg fann eit fint stoff i kvitt. Det brukte eg til å skjule alt rotet i skapet som står i tv-stova ved sida av kjøkkenet.

Her kjem eit bilde av skåpet slik det såg ut før forvandlinga:

IMG_4083

No vart skåpet riktig så flott synest eg! Nesten sånn at eg vil flytte det inn i stova no:) Rommet skåpet står i skal seinare bli spisestue. No er det tv-stue/roterom;)

Etter forvandling:

IMG_4090

IMG_4087 IMG_4088

Tilslutt må eg vise dokke noken skjønne talerkener som eg fann i kjellaren idag. Eg fekk dei av tanta til mamma for mange år sidan. Då synest eg ikkje at dei var noko særleg, men no Likar eg dei kjempegodt!!! :)

IMG_4098

IMG_4092 IMG_4095

Eg har ein kjempe flink mann som ilag med pappa har saga ned 6 stoore tre som tok all utsikta vår. No blei det ope og utsikta kom igjen, hærleg!

 

Ei fin veke til alle som er innom, ønskes frå meg og ein søt pusekatt på fanget mitt;))

torsdag 5. august 2010

GAMLE SKATTER

  IMG_3926  IMG_3925

IMG_3930 IMG_3932

IMG_3934 IMG_3924

IMG_3927

 

Vi har vore på skattejakt i gamlehuset på gården til broren min. Huset er godt over 100 år og klar for å bli jamna med jorda.

Søstra mi og mannen henna skal ha den fine senga. Den sov mamma og tanta mi ilag i når dei var små. Dei skal ikkje gjere noko anna med den enn å behandle den for moddmiddel, besta seier alle møblane er moddfrie, men det er no greit å vere på den sikre sida:)

Skatollet er mitt, det har oldefaren min laga. Eg skal pusse det ned og mest sannsynleg ha det i same stil som no. Lika ikkje tanken på å male eit so gammalt skap og eingong kanskje angre.

Bordet tenkte eg å ha i gangen, det skal vi heller ikkje gjere noko med. Søstra mi og mannen er på jakt etter småbruk, so då skal dei få det då dei har betre plass:)

Kistene skal dei og ha, eg har ei ganske lik bru etter farmora mi, den skal dåkke få sjå ein anna dag.

 

Fortsettelse følger………..