Viser innlegg med etiketten Heimelaga. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heimelaga. Vis alle innlegg

torsdag 16. september 2010

Gangen min….

 ….har sidan sist eg viste den fram her inne, fått litt meir stæsj;)

IMG_4524

Ei enkel hylle eg hadde liggande er komt på veggen og med to små knaggar under vart hylla fin synest eg.

IMG_4525 IMG_4526

Kassa under hylla fann søstra mi i det mykje omtalte gamlehuset;) Kassa er hennar, men eg håper det er greit at eg lånar den litt før dei treng den sjølv;) Oppå kassa har eg ei korg med skjerf, huer og anna varmt til kalde haustdagar.

IMG_4529

IMG_4530 IMG_4531

Litt dill på knaggane og lykter på toppen;) Bilde de ser er av ei “fin frue” i Oslo som oldemora mi var tenestepike hos på byrjinga av 1900-tallet. På bilde står det: “Til min snille pige Rachel, som forlader mig at gifte sig. Fra gamle fru M Nyquist. 21 juni 1916.”  Synset det er skikkeleg kjekt å ha skattar som dette bilde, eg! :)

IMG_4517

IMG_4518

IMG_4519

På knaggen som er komt opp, heng ei veske etter oldemora mi. Eg hadde den med meg rundt kvart år når vi gjekk nyttårsbukk som barn. I veska samla eg alt snopet eg fekk.

IMG_4533

IMG_4534

Korga som hang på kjøkkenet står no på sjenken i gangen. Eg fann ut at den ikkje tok seg så godt ut på kjøkkenet, men her står ho fint! :)

IMG_4537 IMG_4538

IMG_4536

Heimlaga bilder; ramme spraya i perlegrå, bilde med nostalgiske motiv, hønsenetting og litt blonder. Fine å pynte med. Her fekk eg inspirasjon frå de blaggera, tusen takk;)

IMG_4523

IMG_4522 IMG_4521

Kofferten min har flytta ned. No ligg han under benken å pyntar opp;)

IMG_4539

IMG_4540

Bordet som eg viste de i sommar. Ein stoor skatt spør du meg! Det manglar litt pynt både på bodet og på veggen over men det kjem;)

IMG_4545

Eg lagar fårikål til middag idag. Det luktar kjempe godt! :) Og snart kjem kjærasten heim frå jobbveke i Sogn;)

Nyt torsdagskvelden alle sammen!!:)

Det skal eg! :)

(Namnet på bloggen har eg skifta idag, var ikkje særleg begeistra for det. Adressa er den samme;))

 

 

mandag 30. august 2010

Ein liten pause frå malinga…

 Idag har eg vore effektiv. Eg har malt 2.strøk på hobby/sy-rommet, og mala skrivebordet som skal stå på nettopp dette rommet. Eg gledar meg sånn og klarer nesten ikkje vente til rommet er ferdig.:)

På eit lite bord i stova har eg stasja med litt nytt no ikveld. Igår fekk eg lyst å prøve meg på tavle-laging og her ser dokke resultatet:) Etter å ha sett mange slike tavler her i bloggverden måtte eg prøve meg sjølv.

IMG_4305

Ramma rundt og hønsenettingen spraya eg kvit, medan bakplata fekk ein desj spraymaling i fargen perlegrå. Bildet skal eg stryke på ei pute eg skal lage, men før den tid skal det få henge på tavla. Vingene og klypene har eg kjøpt på ein hobby-butikk.

IMG_4306

 IMG_4319

Eg vart igrunn ganske fornøgd med resultatet;)

IMG_4306

Bruk ei gammal ramme og pynt tavla med noko du finn heime. Billeg og pent;)

IMG_4301

 IMG_4314

Den fine lysestaken finn du på vakkert hjem. Eg falt pladask;)

IMG_4299

Den fine duken er det mi flinke, gode bestemor som har strikka til meg:)

IMG_4297

IMG_4298

Dei to lyshusa mine har eg kjøpt på ein butikk her eg bur. Eg syns dei er kjempefine og lyser so fint i mørket:) Gledar meg til å nyte synet av dei masse no i høst og vinter:)

IMG_4314

Eg håpar alle får ei god natt :)

Klem frå Rakel.

fredag 20. august 2010

Putesying:)

 Endeleg har benken fått seg puter. Det vart noken enkle puter  denne gongen men det kjem nok snart meir på syfronten frå meg:) Neste veke skal eg nemmeleg begynne på hobby/sy- rommet mitt. Gledar meg til å kunne ta det i bruk!

Som dokke ser vart det litt for mange puter for den stakkars benken, so eg har måtta fordelt dei utover litt;)

IMG_4146 IMG_4147

IMG_4155 IMG_4151

Den store benken og den lille benken i gangen fekk seg nye puter idag:)

IMG_4154

IMG_4082

IMG_4164 IMG_4167

Dei to “kjedelege” kvite havna på soverommet:)

IMG_4170

Oppå denne nydelege duken som besta mi har strikka har eg fått meg ein søt hjerteranke til helga:) Alltid kjekt med nye blomster!

På bilde ser du mamma sin familie på søndags utflukt i sin første bil. I folkevogna var dei 8 stykker på denne turen. Ganske stilig! Kjekt med gamle bilder=)

 

Etter ei effektiv veke både ute og inne er det endeleg helg! Skal vise dokke litt frå det vi har gjort i hagen ein dag:)

 

Ei gooood helg ynskjer eg alle der ute!

Klem frå Rakel;)

mandag 16. august 2010

Nytt skap:)

 I ferien var eg og svigerinna mi i Bergen å besøkte litt slekt:) Søskenbarnet mitt tipsa meg om butikken Stoff&stil. Dei hadde suuper masse fint!!! Eg kjøpte stoffet under, det skal bli til puter til benken min i gangen nede. I løpet av veka skal eg nok vere ferdig med dei:)

IMG_4082

Etter middag idag reiste eg ein tur til den lokale sybutikken her. Dei hadde 50% på alt stoff, ikkje det heilt store utvalget men eg fann eit fint stoff i kvitt. Det brukte eg til å skjule alt rotet i skapet som står i tv-stova ved sida av kjøkkenet.

Her kjem eit bilde av skåpet slik det såg ut før forvandlinga:

IMG_4083

No vart skåpet riktig så flott synest eg! Nesten sånn at eg vil flytte det inn i stova no:) Rommet skåpet står i skal seinare bli spisestue. No er det tv-stue/roterom;)

Etter forvandling:

IMG_4090

IMG_4087 IMG_4088

Tilslutt må eg vise dokke noken skjønne talerkener som eg fann i kjellaren idag. Eg fekk dei av tanta til mamma for mange år sidan. Då synest eg ikkje at dei var noko særleg, men no Likar eg dei kjempegodt!!! :)

IMG_4098

IMG_4092 IMG_4095

Eg har ein kjempe flink mann som ilag med pappa har saga ned 6 stoore tre som tok all utsikta vår. No blei det ope og utsikta kom igjen, hærleg!

 

Ei fin veke til alle som er innom, ønskes frå meg og ein søt pusekatt på fanget mitt;))