Viser innlegg med etiketten planlegging. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten planlegging. Vis alle innlegg

mandag 24. januar 2011

Husets Planer Framover…..!

 Då var eg heime igjen etter ei lita veke i Oslo…Planlegg allereie ny tur ned til min skjønne, gode tanteunge og resten av gjengen min der:) Håpa eg skal få meg ein tur i månaden kanskje, det er jo det første året dei utvikla seg/lære mest og det er viktig for tanta å få med seg mest mulig;)

IMG_4153

Idag har eg kosa meg med litt planlegging vidare av huset….Eg har ingen tidsfrist for prosjekta, men å planlegge kva som gjenstår skadar vel ingen;) Budsjettet mitt er ikkje stort…Badet i den mellomste etasjen, som er det dyraste på planen lar vente på seg eit par år til.

Kjellar:

- kjellarstove: panel og paneltak skal målast/noko beisast. Innrede med sofa osv.

- eit soverom: skal bli trimrom.

- gjestebad: male, ny innredning?..,

IMG_1183

Mellomste etasje:

- tv-stove/kammers skal bli til spisestue. Her trengs stort spisebord, nokre stolar eller stoltrekk, gamal slagbenk som eg har…

- Stue: mitt gamle skatoll skal malast og få plass her. Enkle hyller og litt bilder på veggane…

- gang: bildevegg.

IMG_1522

Loft:

- gang, dører og skap skal målast

- toalett: målast, innredning målast/ny?,….

- litt stæsjing på gjesterommet….

- hovedsoverom: ny farge på den eine veggen, som no er lilla.

IMG_1584

Det var planane mine so langt…vi har og lyst å innreie garasjeloftet til ei koseleg stove…Der mangla berre å tilkoble strøm….men so er det jo litt begrensa kor mange stove vi eigentleg treng med det først…hehe…

Eg begynn på eit av prosjekta allereie i morgon…Det er rart kva desse årstidene gjer med oss….so snart jula er rydda ut og det går mot lysare tider er vi klare for nye utfordringa;)) Halve morroa er igrunn planlegginga spør du meg…Eg kan sitte i timesvis å drømme meg vekk…:)

Kva slags planar har du for heimen din framover?=)

Ha ei fiin veke du som stikk innom:)

Klem, Rakel