Viser innlegg med etiketten Huset vårt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huset vårt. Vis alle innlegg

torsdag 25. november 2010

Huset

 I forrige veke knipsa eg nokre bilder av huset vårt. På ein kald og fin vintersdag ser huset vårt slik ut;) Eg trur ikkje eg har vist bilder av huset utvendig før.

IMG_1586

Eg drømmer stadig om vindu i gamal stil, helst som er oppdelt i seks-ruter, pyntelister rundt vindua og større loft&ark.

Eg synest spesielt at det store vinduet i stova er vanskelig, både når det gjeld pynt i karmane og møblering framfor det.  Men eg klaga ikkje, for all del!!! Tenk på dei som lever i fattigdom utan både hus, mat og familie! Vi er kjempe heldige som er født i Norge!

IMG_1584

Men det er lov å drømme litt, av og til!! Og eg skal bytte vindu ein dag! :)

IMG_1585

Utgangspuktet er veldig bra synest eg og eg er veldig glad i huset mitt! :)

Det kjekkaste hadde jo vore å bygd nytt. Då hadde vi fått det akkurat sånn som vi ville, både utvendig og inni. Men det er vanskeleg å gje slepp på barndomsheimen sin, derfor er ikkje det noko tema. Og vi bur veldig fint til i ei roleg gate med snille naboar, stor tomt har vi, god utsikt, fin natur og turterreng like bak huset, men alikevel med gåavstand til sentrum.

Drømmer du om nytt hus, eller å pusse opp det du har av og til? :)

IMG_1605

Eg har vert heime i to dagar no med influensa. Ser at eg ikkje er aleine om å vere sjuk om dagen. I morgon er det tilbake på jobb igjen for meg, og godt blir det! :)

Eg tenner lys kvar kveld, kjempekoseleg!!

Håper alle som ser innom har det bra!! Straks kan vi gå laus på adventspyntinga, jenter!!! ;)

Klem, Rakel