torsdag 25. november 2010

Huset

 I forrige veke knipsa eg nokre bilder av huset vårt. På ein kald og fin vintersdag ser huset vårt slik ut;) Eg trur ikkje eg har vist bilder av huset utvendig før.

IMG_1586

Eg drømmer stadig om vindu i gamal stil, helst som er oppdelt i seks-ruter, pyntelister rundt vindua og større loft&ark.

Eg synest spesielt at det store vinduet i stova er vanskelig, både når det gjeld pynt i karmane og møblering framfor det.  Men eg klaga ikkje, for all del!!! Tenk på dei som lever i fattigdom utan både hus, mat og familie! Vi er kjempe heldige som er født i Norge!

IMG_1584

Men det er lov å drømme litt, av og til!! Og eg skal bytte vindu ein dag! :)

IMG_1585

Utgangspuktet er veldig bra synest eg og eg er veldig glad i huset mitt! :)

Det kjekkaste hadde jo vore å bygd nytt. Då hadde vi fått det akkurat sånn som vi ville, både utvendig og inni. Men det er vanskeleg å gje slepp på barndomsheimen sin, derfor er ikkje det noko tema. Og vi bur veldig fint til i ei roleg gate med snille naboar, stor tomt har vi, god utsikt, fin natur og turterreng like bak huset, men alikevel med gåavstand til sentrum.

Drømmer du om nytt hus, eller å pusse opp det du har av og til? :)

IMG_1605

Eg har vert heime i to dagar no med influensa. Ser at eg ikkje er aleine om å vere sjuk om dagen. I morgon er det tilbake på jobb igjen for meg, og godt blir det! :)

Eg tenner lys kvar kveld, kjempekoseleg!!

Håper alle som ser innom har det bra!! Straks kan vi gå laus på adventspyntinga, jenter!!! ;)

Klem, Rakel

 

4 kommentarer:

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Kjempefint hus du har då☺☺
Eg drømmer om å bygge mitt (vårt hehe) eige hus!!
Men med tomtepris osv skal eg vere glad viss ein gang kan kjøpe oss vårt eige hus!
Tenker vertfall ikkje at her vi bur no-leilegheit nr 3 i ei rekke på 4 i eit borettslag-er der eg vil bu resten av livet! Sjøl om vi lika oss her☺

Til helga skal det pyntast ja☺☺

Klem M♥

Alfa sa...

Så fint hus da:). Heldig du. Ja, nå er det snart tid for julepyntingen. Gleder meg:).
Klem Alfa

Tino sa...

Så fint hus du har, koselig å kunne flytte tilbake til barndomshjemmet sitt.
Så gøy at du vil delta på mitt lille gavedryss.
Ha en fin helg!
Klem T

Unknown sa...

For et flott hus!
Kjempestort og fint:)
Deilig og bo slik...
Jeg drømmer om nytt hus ja, ikke er det barndomshjem eller noe med sjel, ikke er det stort, ikke har det vaskerom, kjeller eller gjesterom, ikke er det nytt flott kjøkken, ikke er det plass i den lille gangen, ikke er det noe tomt (rekkehus) og ikke er det fint:)

Så jatakk, jeg ønsker meg nytt hus til jul, tjihi:)

Kos dere med julepynting og adventstid, og god bedring!

Klem Line