God lørdagskveld! :)
Idag har eg fått på plass alt til advent! Å det er berre blitt soooo koselig her!!! Tradisjonen i min familie er lys og dukar i lilla frå 1. helga i advent, so pynta vi med raudt og nissar lillelille julafta og juletreet vart pynta lille julafta. Eg er ikkje veldig glad i lilla hos meg sjølv, derfor har eg alltid pynta med raudt både til advent og jul.

Ikveld har eg knipsa bilder av kammerset(den framtidige spisestova).
Det fine, gamle bordet mitt som stod i hallen nede før, har no fått plass på kammerset. Tv`en som stod her er no på loftet, den var aldri i bruk uansett og ein tv er jo ikkje akkurat eit fint møbel så det var godt å få den vekk;)
Dei blå talerkenane er kongelig dansk porselen med julemotiv. Det var sambuaren til pappa, Jorid, som kjøpte dei til meg på ein bruktbutikk i Danmark for nesten ingenting. Vi deler interessen for gamle ting, og det er kjempekjekt! :)
I morgon kjem det meir bilder frå mitt julepynta hus:)
Ha ein koseleg kveld vidare alle sammen:)
Vi får besøk av broren min og dama hans no. Vi skal spele spel og kose oss :)
Klem, Rakel
3 kommentarer:
Kjempekoseleg hos deg☺
Eg har ikkje komt so langt...men imåra skal eg få pynta eg og☺
Kos dåke med kort spel☺
Klem M♥
Koseleg Rakel:-) Eg har fått mine juletallerkar på veggen og. Angra nesten på eg ikkje kjøpte fleire. Gledar meg til å sjå meir korleis du har pynta;-) Eg har dilla og pynta eg og, litt gammalt og litt nytt:-) Kos dokke og ha ein fin helg!
-Jorid-
Herlige bilder, Rakel!
Du er så flink til å gjøre det koselig rundt deg!
Det fine, brune bordet i kammerset er jeg veldig misunnelig på.. Det var helt nydelig!!
Jeg har også droppet lilla i advent og rødt til jul.. Her blir det rødt allerede nå ;-) Skal man pynte med det røde bare et par dager før jul, så får man jo nesten ikke tid til å nyte det, synes jeg.. Tross, i tradisjonen tro, men her er jeg ikke enig ;-)
Håper formen din er bedre, og at spillkvelden er vellykket!
Den Julestaken er kjøpt på Hjerterom i Bergen, eller i Rådal da, på andre siden av veien for Lagunen, og litt oppi veien :)
Gleder meg til flere bilder fra deg!
gode klemmer
Legg inn en kommentar