Viser innlegg med etiketten Kjellarstue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjellarstue. Vis alle innlegg

torsdag 17. februar 2011

Kjellarstua, før og etter :)

Her kjem eit innlegg om kjellarstua vår, som vi nett har pussa opp. Eg syns igrunn den var fin som den var, men panel gulna med åra, so noko måtte gjerast! Det er pappaen min som har lagt panel på veggane og taket, og flislagt både golvet og rundt ovnen. Flink var/er han spør du meg:)

IMG_2317

Før bildene vart litt mørke, men de ser nok korleis det såg ut;)

IMG_2319

Og ETTER: Vi er kjempe fornøgde:)

IMG_4902

IMG_4889

I staden for å male alt kvitt/lyst, som i resten av huset, har vi gjort ein litt anna vri her;) Veggane vart beisa med kvit lut og taket, lister, dører og vindu vart mala i eggkvit. Panelen er tømmermannspanel og om vi hadde malt den kunne vi ikkje angra etterpå. Eg kan tenke meg ein litt anna stil her nede, og etterkvart skal eg få inn nokre svarte detaljar, hyller og bilder på veggane.

IMG_4884 IMG_4886

IMG_4905 IMG_4885

Sofabordet er fra bombay-serien og var mørkebrunt før. Det mala eg eit strøk med grunning og så blei det med det strøket. Eg var nemmeleg ganske lei av maling og ville helst flytte inn i den ferdige kjellarstua då. Men bordet fekk ein slitt look og sklei rett inn i stilen eg vil ha her ;)

IMG_4880

Her ser vi for oss mange koselege kveldar med fyr i ovnen, framover. Det er jammen kjekt å planlegge og drømme, men guuu so herleg det er å vere ferdig med eit prosjekt og! ;)

Eg er allereie begynt på neste prosjekt, eg…..

Straks er det helg med mykje kjekt på menyen, som alltid! ;)

Håper alle får ei god natt og ein fin fredag! :)

Klem, Rakel