Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

onsdag 22. desember 2010

Jul ved inngangspartiet

 

IMG_2096

Eg har fått pynta litt til jul ved inngangspartiet vårt. Halmbukkane var på tilbod no, billege og fine å pynte med ute. Enkelt pynta med det eg fann, men julestemning vart det no :)

IMG_2113 IMG_2111

Potetkassen og andre gamle kassar eg har, er funn frå gamlehuset. Skøytene kjøpte eg på loppis i haust. Pappa lo godt når eg sa eg ikkje skulle gå på dei, men pynte med dei:p

IMG_2119 IMG_2110

Thujane har fått julelys på seg, utanfor er det koseleg om kvelden no!

Idag hadde vi julelotteri på jobb. Kjempeartig og overskotet går til ei god sak. Eg vann mykje!!! Snop, vin, noko julete osv….

Ellers er eg igrunn heilt klar for jul ! Er jo ikkje vits i å stresse…det som ikkje er gjort til no, får berre vere;)

HA EI FIN LILLEJULAFTAN I MORGON!!!

KLEM

tirsdag 21. desember 2010

Julekjøkkenet!

IMG_2014  IMG_2051

Nokre detaljer frå mitt julepynta kjøkken!

IMG_2019 IMG_2021

På søndag laga eg og min kjære pepperkaker, kvite kakemenn og kransekakestenger. No heng det pepperkaker i vinduet og på talerkenhylla.

IMG_2025 IMG_2029

IMG_2034 IMG_2031

IMG_2041 IMG_2048

To, søte mini- julestjerner:)

Idag har eg fått vaska heile huset, godt kva som er gjort! :)

Ynskjer alle saman ei riktig fin bitte lille julaftan i morgon! :)

Klem, Rakel

søndag 19. desember 2010

Jul i stua!

 

IMG_1783

Då var 4.søndag i advent her og julafta er rett rundt hjørnet! Ååå som eg gledar meg!

Vi har laga julekaker idag, kjempekoseleg! Og vi har vert hos besta mi å smaka på hennar sorta…;)

IMG_1828

IMG_1797

Idag viser eg bilder av mi julepynta stove. Her og er det raudt og kvitt som teller.

Vi har bestemt oss for ikkje å ha juletre i år. I fjor låg det julepynt frå treet rundt om i heile huset, kattane synest nemmeleg at det var veldig kjekt å leike med juletrepynten.  I år har dei allerede begynt å leike med smånissane eg har pynta med, vi får håpe dei kjem seg til neste jul!!

IMG_1814

IMG_1804

Eg har ikkje så veldig mykje julepynt enda, men det kjem seg vel år for år;) Koseleg er det verfall med nokre

innslag av raudt, stjernene som lyser i vindua om kvelden og levande lys i krinkar og krokar:)

IMG_1794 IMG_1792

IMG_1811 IMG_1800

Håpa alle har hatt ei fin helg og ein god søndag! :)

Klem, Rakel

tirsdag 14. desember 2010

Litt jul i gangen:)

 I trappeoppgangen, mellom stova og kjøkkenet

har det blitt pynta litt til jul:)

IMG_1781 IMG_1777

IMG_1779 IMG_1780

Litt raudt gjer god julestemning!!

Den store nissen er favoritten min i huset:)

Eg er veldig glad i nissar og håpar at samlinga skal bli større etter kvart:)

IMG_1905 IMG_1906

2. søndag i advent var eg og kjæresten i skogen å hogga dette søte treet +

eit til som vi har ute på trappa:)

Eg planta dei sjølv for 8 år sidan, det fortel litt om kor seint dei veks;p

I kveld har eg kosa meg med å pakke inn julepresanga!

Då kjende eg det krible litt i magen, ikkje lenge igjen no!!! ;)) hehe

Klem, Rakel

 

mandag 13. desember 2010

Julegardiner på kjøkkenet!

 No begynne det å bli nokre dagar sidan eg var her sist, faktisk over ei veke! Eg har nesten ikkje rørt dataen den siste veka, derfor lite blogging. Men bilde av eit julepynta hus har eg, både stove, gang og kjøkken.

IMG_1967 IMG_1948

IMG_1931  IMG_1946

I november, på Bergensturen til meg og min kjære, fann eg desse gardinene på salg. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg syntest dei var fine eller ei. Min kjære synest ikkje noko om dei; “dei ser ut som kjøkkenhandklede”, kom det frå han. Eg kan jo ikkje anna enn å sei meg enig i det, men då vi kom heim frå Bergen angra eg på at eg ikkje hadde kjøpt dei!

IMG_1970 IMG_1940

IMG_1983 IMG_1949

Då er det godt å ha slekt i Bergensområdet! Denne helga tok tanta dei med til meg, då dei skulle på hytta si her. Eg vart skikkeleg fornøgd. Kjæresten og faktisk;) Koselege og i gamal stil. Litt vanskeleg å sjå dei på bilde, finare i virkligheten! :)

IMG_1952

Eg kosar meg med heimelaga brød no. Er så lei knekkebrød at no mot jul må vi unne oss litt ekstra;)

Eg kjem innom deg om ikkje så lenge! Håpa alle har ei fin adventstid!

Klem, Rakel

(Den fine julestjerna fekk vi med tanta mi i helga, tuusen takk;))

torsdag 2. desember 2010

Julekalendar

 I kveld, ein dag etter “fristen”, laga eg julekalendaren til min kjære ferdig. Eg brukte det eg hadde; gråpapir, kvitt juleband og polkastenger. Dei vart pakka inn i ein fart og som de ser vart dei ikkje såå veldig fine, men kjærasten vart kjempe fornøgd. Det er jo det viktigaste! Eg lika at han er like barnslig som meg når det gjeld jul! :)

IMG_1874 IMG_1875

IMG_1877 IMG_1878

Pakkekalendaren heng på ein vegg på kjøkkenet som eg ikkje har funne noko passande til å henge på enda. Då passa det bra å “pynte” med kalendaren der i julemånaden;)

IMG_1883 IMG_1881

Eg kosar meg med søte mandariner og kjærasten med snopet han fekk i dei to første “lukene” i kalendaren sin;)

Håpa alle har ein koseleg kveld!

Klem, Rakel

onsdag 1. desember 2010

1.desember - Serinakaker

 Endeleg er desember her! Denne månaden går alltid for fort, så her gjeld det å kose seg kvar dag.

Eg har baka min første sort for året, idag; serinakaker - ein av mine favorittar!

IMG_1855

Feite og gode vart dei, sånn som serinakakene skal vere:)

IMG_1857 IMG_1859

IMG_1858 IMG_1862

Eg har ikkje planlagt kor mange sortar eg skal lage i år. Eg bakar mest for kosen sin del, ein kjem jo i skikkeleg julestemning av julemusikk og julebakinga! Og den gode lukta ein får i huset, ikkje minst;)

IMG_1863 IMG_1866

IMG_1865 IMG_1867

Oppskrifta eg brukte fann eg i juleheftet til Tine, som eg tok med heim frå butikken i fjor. Du finn den og på tine.no. Eg hadde ei halv ts hornsalt i deiga og.

Håpar alle har ein fin dag:)

Eg skal springe i besøk til ei venninde no, som har bursdag idag! :)

See you;)