Viser innlegg med etiketten kos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kos. Vis alle innlegg

lørdag 6. november 2010

Middagsbesøk…

 Idag har vi hatt broren min, sambuaren hans, søskenbarnet mitt og tanta mi på middagsbesøk! Kjempekoselig!!!!

IMG_1482

Min kjære laga mesteparten av maten og eg pynta bordet;) Det er så kjekt å lage det fint til når ein får besøk synest eg!

IMG_1483 IMG_1490

På menyen stod lammesteik, heimelaga fløtepoteter, saus og grønnsaker…Deilig var det! :)

No hadde jo eg lovd at det ikkje skulle komme innlegg om kjøkkentet på ei stund…så dette pådekka bordet skal bli det siste på ei stund;)

IMG_1486

IMG_1481

Mørkebrune lys og kongler vart brukt til pynt. Konglene er visst kjøpt på Nille for eg har ikkje somla meg uti skogen for å plukke enda…Bonde-broren min tulla med at han skulle begynne å selge kongler frå egen mark….Hehe, dei skal ikkje skjønne seg på alt nei;)

IMG_1484

Ha ein koseleg lørdagskveld alle som ser innom!!! :)

Her går det i “Skal vi danse” og snart får vi gode venner på besøk:)

 

lørdag 18. september 2010

Lørdagskos….

 Eg kom heim til heimelaga pizza og fyr i ovnen ikveld:) Helg må vere det beste eg veit!;)

Min kjære har vore kjempe snill å hengt opp gardinstang til meg idag og han har tatt med ei gammal melkebøtte frå gården han kjem ifrå. Han begynne å kjenne meg godt, hehe:)

IMG_4598

IMG_4601

Eg håpar alle har ein fin lørdagskveld:) Eg skal ta meg ei bloggrunde og sjå litt etter Thailand tur ikveld:)

Klem Rakel :-)