mandag 11. juli 2011

Sofakroken =)

 

No er vi endeleg begynt på ferie og det kjennes fantastisk godt! Vi har masse vi skal gjere her heime, både inne og ute. Men det er viktig å komme seg vekk litt og. I år som i fjor skal vi til det vakre sørlandet og kanskje blir det ein tur over grensa til Sverige og;)

I stua ommøblerte eg for ei stund sidan, men det er enno ikkje heilt ferdig. Viser nokre bilder frå sofakroken der vi har tv-en ikveld:

IMG_6627 IMG_6630

Den nydelege puta med englemotiv frå Sagen Vintage Design, fekk eg i sommargave av snille pappa og Jorid! :) Tusen takk! Den sklei rett inn i interiøret mitt ja! =)

IMG_6631 IMG_6637

IMG_6634 IMG_6635

IMG_6639 IMG_6638

Eg håpar å få tid til å vise fram litt meir av det eg har fått ferdig her heime før vi reiser på ferie.

Håper alle får ei fin ny sommarveke med masse sol og glede! :)

Klem, Rakel

fredag 1. juli 2011

Helg med finn og maling.

 Då var det helg igjen, og kun ei arbeidsveke igjen før ferie! :) Eg er optimist og trur at godveret kjem med ferien;) Eg har 1000 prosjekt på gong inne, typisk meg, å begynne på fleire ting på ein gong. Spisestua nærma seg, eg skal ha hyller over slagbenken og ny lampe/lamper i taket, og benken skal få madrass og masse fine puter! 

IMG_6583

IMG_6586 IMG_6587

I kjellaren står skatollet mitt ferdig! Tenk at det skulle ta 3 månedar før eg malte det ferdig med 2.og 3. strøk. Det er ikkje alltid eg er i malehumør!

IMG_6592 IMG_6590

Dessutan står nokre av mine siste finn-kjøp å ventar på målekosten, mens ein sjenk og eit bord skal hentast i helga. Utrulig kjekt å kjøpe nydelige møbler til nesten ingenting! I stua vår blir nesten alle møblane bytta ut med “nye”, og dei “gamle” skal få seg ein ny plass på eit anna rom.

Satsar på å få tatt meg ei bloggrunde ikveld, det blir desverre ikkje prioritert for tida:(

HA EI NYDELIG HELG ALLE SAMAN!!! :)