Hei på deg! :)
Her har det blitt lite med blogging i det siste ja!!!! Dei siste to helgene har gått i eitt og vekene har gått med til julepakke-handling og anna, og huset har blitt nedprioritert. Det må nemnast at eg berre har to-tre julegaver igjen!! Og det er lykke! Eg likar ikkje å stresse i butikkar i desember, den månaden skal nytast med heimekos, pynting og baking! Eg gler meg!
I går kom endeleg lysta til å sy igjen;) Det vart sydd 6 juleputer i forskjellige stoff. Ja, eg måå ha raudt til jul. Her i huset er adventstida og raud, og i helga skal det pyntast enda meir :) :)
Juleputene fekk komme på plass i sofaen med ein gong, så då tok eg meg lov til å knyte eit raudt band på potta med svibelen i og, men resten av pyntinga skal eg prøve å vente med til helga;)
To avlange puter og fire, store puter vart sydde. Stoffet er kjøpt på stoff&stil i Bergen, ein butikk vi gjerne kunne hatt her som vi bur og. Planen er å sy nokre fleire juleputer å plassere dei rundt om kring i huset, men eg er nesten tom for stoff og her er utvalget minimalt:(.
Julekula i vindauget har visst komt opp og…av seg sjølv kanskje? Men då er det ikkje meir før til helga! Eg blir som ein unge når det kjem til jul:) Er det fleire som er slik? :)
Ha ein fiiin kveld vidare alle snille der ute! :)
Klem, Rakel