Viser innlegg med etiketten kammers. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kammers. Vis alle innlegg

fredag 1. juli 2011

Helg med finn og maling.

 Då var det helg igjen, og kun ei arbeidsveke igjen før ferie! :) Eg er optimist og trur at godveret kjem med ferien;) Eg har 1000 prosjekt på gong inne, typisk meg, å begynne på fleire ting på ein gong. Spisestua nærma seg, eg skal ha hyller over slagbenken og ny lampe/lamper i taket, og benken skal få madrass og masse fine puter! 

IMG_6583

IMG_6586 IMG_6587

I kjellaren står skatollet mitt ferdig! Tenk at det skulle ta 3 månedar før eg malte det ferdig med 2.og 3. strøk. Det er ikkje alltid eg er i malehumør!

IMG_6592 IMG_6590

Dessutan står nokre av mine siste finn-kjøp å ventar på målekosten, mens ein sjenk og eit bord skal hentast i helga. Utrulig kjekt å kjøpe nydelige møbler til nesten ingenting! I stua vår blir nesten alle møblane bytta ut med “nye”, og dei “gamle” skal få seg ein ny plass på eit anna rom.

Satsar på å få tatt meg ei bloggrunde ikveld, det blir desverre ikkje prioritert for tida:(

HA EI NYDELIG HELG ALLE SAMAN!!! :)

tirsdag 7. juni 2011

Sommarpai

 

God morgon! Eg oppheld meg for tida i Oslo, på besøk hos mi søster, svoger og lille tantegutt Emrik på 5,5 mnd.:) Vi kosa oss dagen lang, dei bur rett ved sida av “marka”, så det blir masse turar på oss.

IMG_6343 IMG_6345

IMG_6330 IMG_6335

  I helga hadde vi besøk av eit vennepar, den perfekte anledning til å prøve sommarpai. Oppskrifta fann eg i dagbladet i fjor sommar og den såg berre sååå god ut at eg måtte prøve! Veldig enkel å lage og kjempegod ilag med is:) Eg laga paibunnen av sukker, mel, smør og vatn, flyllet er vaniljekrem og bær på toppen!

IMG_6344 IMG_6332

Bileta er frå spisestua vår som vi flittig bruker no. I helga tok vi ut den gamle slagbenken vår (som skal stå i spisestua) å vaska den med salmiak, eg må nok vaske den nokre gongar til før den er klar for eit nytt liv i vårt hus;) Om nokon har tips til å få vekk vond lukt av gamle møblar; KOM GJERNE MED DEI;)

IMG_6329

Vi håper alle har ei FIN veke!!!! :)

Klem, Rakel og Emrik :)

 

tirsdag 12. april 2011

Tilbake etter ferie og ein liten bloggpause….

IMG_5388 IMG_5386

Det er ei lita stund sidan vi kom heim frå ein herlig ferie i Thailand. Blogglysta har ikkje vert der etter vi kom heim, men eg har fått gjort litt av mine planer i huset og planlagt fleire;) Det var deilig å komme heim til lysare kvelder og sjå at våren ikkje var langt vekke. Her ligg det enda litt (ca 30cm:() snø, men eg har allerede vert ute å planta i potter og kjøpt inn litt nytt til uterommet! Kjenner eg er veldig klar for sommar!

På kjøkkenet har eg hengt to bildehyller som eg har kokebøkene mine i. Syns det vart både fint og praktisk.

IMG_5396 IMG_5402

IMG_5400 IMG_5399

Og nokre bilder frå spisestua som mangler stolar før den kan brukast. Den gamle slagbenken er komt i hus, men må vaskast og behandlaste med mottmiddel før den er klar.

Neste gang blir det å vise nokre feriebilder frå Thailand, som eg trygt kan anbefale etter mitt andre besøk i landet! :)

Har du planer for uterommet i år? =)

Håper du har ei fin veke :-)

 

lørdag 27. november 2010

Advent i Rakels hus…

 God lørdagskveld! :)

Idag har eg fått på plass alt til advent! Å det er berre blitt soooo koselig her!!! Tradisjonen i min familie er lys og dukar i lilla frå 1. helga i advent, so pynta vi med raudt og nissar lillelille julafta og juletreet vart pynta lille julafta. Eg er ikkje veldig glad i lilla hos meg sjølv, derfor har eg alltid pynta med raudt både til advent og jul.

IMG_1704

Ikveld har eg knipsa bilder av kammerset(den framtidige spisestova).

IMG_1698

Det fine, gamle bordet mitt som stod i hallen nede før, har no fått plass på kammerset. Tv`en som stod her er no på loftet, den var aldri i bruk uansett og ein tv er jo ikkje akkurat eit fint møbel så det var godt å få den vekk;)

IMG_1701

IMG_1726

IMG_1728

Dei blå talerkenane er kongelig dansk porselen med julemotiv. Det var sambuaren til pappa, Jorid, som kjøpte dei til meg på ein bruktbutikk i Danmark for nesten ingenting. Vi deler interessen for gamle ting, og det er kjempekjekt! :)

IMG_1705

IMG_1702

IMG_1706

IMG_1709

IMG_1710

IMG_1717

I morgon kjem det meir bilder frå mitt julepynta hus:)

Ha ein koseleg kveld vidare alle sammen:)

Vi får besøk av broren min og dama hans no. Vi skal spele spel og kose oss :)

Klem, Rakel