torsdag 28. oktober 2010

Litt nytt i sink på kjøkkenet

 

IMG_1366

Her har vi hatt nok ein gråversdag, idag. Ikkje noko kjekt! Då synest eg det er betre med snø. Snøen gjer det lysare og ein får god julestemning av den:)

IMG_1336

Når veret er stygt er det herleg å kose seg inne. Idag har eg hatt fri frå jobb. Torsdags fridagen min brukar å gå med til vasking av hus og anna husarbeid.

IMG_1339

Eg tok meg tid til ei lita handlerunde og. Denne korga fekk bli med heim:) Epla oppi kjøpte min kjære på jobbreise i sogn og idag hadde eg tenkt å lage syltetøy av dei (+ei kasse i boden og aprikos;)). Men då eg kom heim frå butikken og såg i oppskrifta at eg mangla eit par ingrediensa droppa eg det idag.

IMG_1342

Denne fine lykta kjøpte eg på den samme butikken som korga.

IMG_1344

IMG_1351

No sit eg her blandt lysa og den gode lukta frå eplene å blogga og venta på at min kjære skal komme heim for helga:)  På ovnen står kanskje årets siste fårikål, so no har vi middag i eit par dagar reknar eg med.

IMG_1353

Eg må vise dokke eit bilde av den tapre katten vår som har vore uheldig i natt. Han kom haltande frå nabohagen i ettermiddag. Matmor vart straks bekymra og reiste til dyrlegen med han. Det viste seg at han har slosst i natt, ein katt har bete han i låret, bittet gjekk faktisk heilt igjennom låret hans. Stakkars, stakkars Tigerguten min! Han fekk sprøyte hos dyrlegen og skal gå på antibiotika i ei veke. Men som dokke ser er han allereie i betre form! Han samler krefter i godstolen og får ekstra god mat når han er svolten;)

IMG_1338

Eg er skikkeleg fornøgd med dei to kjøpa mine idag:)) I morgon skal eg vaska to gamle potetkassar som eg fann i gamlehuset i helga. Planen er å pynte med dei på trappa:)

Korleis har din torsdag vert? :)

Ha ein fin kveld alle som ser innom ;-)

Klem, Rakel

tirsdag 26. oktober 2010

Reint kjøkken til jul

 

IMG_1214

Idag har eg vaska ned kjøkkenet vårt. Alle skap, dører, disk, fliser og duppedingser har fått seg ein omgang med jif skurekrem;) Og eg har heve masse! Og ein liten kasse skal til bruktbutikken;)

IMG_1230

Igår viste eg de bilder av spiseplassen på kjøkkenet vårt, då såg den litt annleis ut, for idag har eg ommøblert litt på bord og stoler. Så får vi sjå kor lenge det varer før eg flyttar på dei igjen;)

IMG_1232

IMG_1205

Det er masse som må/burde gjerast her i huset før jul. No er kjøkkenet ferdig og på torsdag har eg ein fridag som eg skal bruke på enda meir rydding og vasking her i huset.

IMG_1233

IMG_1225

IMG_1202

IMG_1200 IMG_1201

Ein ny kasse har dukka opp på den ellers so fargelause kjøkkenbenken min. Flaska med zalo kjøpte eg på loppemarked i helga.

IMG_1219

Eg gledar meg til å pynte til jul so eg kan sjå på litt anna enn kvitt;)

Har du begynt å tenke på jul? :)

Klem, Rakel :-)

mandag 25. oktober 2010

Spiseplassen på kjøkkenet

 

IMG_1133

God kveld! :)

Her er vi skikkeleg i julestemning for tida!! Idag har eg kjøpt stoff til noko som skal bli jule-gardin/kapper til kjøkkenvindauga. Vi gledar oss ekstra masse til jul i år. Vi ventar nemmeleg ein liten gut rundt nyttår, altså eg skal bli tante for første gang!!:) I helga hadde vi besøk av søstra mi med babymagen sin og sambuaren. Det blir berre so kjempekjekt med ein liten baby i familien! :)) Derfor har eg eit lite lappeteppe-prosjekt på gong og….:) Eg må jo gjere alt for at eg skal bli “bestetanta” hans;)

IMG_1139 IMG_1138

IMG_1151 IMG_1146

Idag viser eg nokre bilder av spiseplassen på kjøkkenet. Spisebordet og stolane vart kjøpt på Ikea i fjor sommar…trur eg falt for stolane fordi dei ser ut som dei kunne vert gamle…;) Lysekrona her er favorittlysekrona mi i huset vårt. Den vart kjøpt på salg i ein butikk som la ned i fjor haust..Kjempe synd, for her er ikkje altfor mange interiørbutikkar i den lille byen vi bur i.

IMG_1135 IMG_1153

IMG_1157 IMG_1158

I tallerkenhylla har eg bytta ut koppar og fat i sommarfargar med fat frå green gate, to fat frå middagsserviset mitt i grey pearl og litt anna dill;)

IMG_1155 IMG_1160

Eg synest green gate har så masse fint…dei nyaste fata mine passar så bra inn i årstida synest eg.

IMG_1145

I morgon blir det storreingjering av kjøkkenet. Skapa skal ryddast og vaskast, det samme skal veggar og tak! Godt kva som er gjort fram mot jul….for tida går ikkje akkurat saktare framover…

Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem, Rakel :-)

 

torsdag 21. oktober 2010

Snø og julestemning!

Då vi kom heim frå jobb idag i 4tida var det ca 30cm snø her… Min kjære var strålande fornøgd, då vi kjøpte snøfres i slutten av forrige snøsesong! :) Han har kosa seg med å måke tunet og eg har dulla inne….

IMG_1087 IMG_1073

Eg synest det er litt tidleg med snø i slutten av oktober….men eg kjem skikkeleg i julestemning av snøen, og det betyr at eg er begynt å lage litt til jul:)

IMG_1094

Eg kjøpte dette juleheftet på butikken denne veka….Ååå så masse fint eg vil lage!!! Kjæresten min meiner eg alltid har fleire prosjekt på gong…og det er vel kanskje sant, so no skal eg holde meg til eit prosjekt om gangen;) Idag har eg sydd hjerter til ei heimelaga lysekrone som det står oppskrift på i heftet.

IMG_1105

Heimelaga rundstykker har blitt baka her idag. Kun grovt og fint speltmjøl+ solsikkefrø inni og på toppen. Sunne og gode vart dei!:)  Eg laga dei i muffinsformer sida det stod i oppskrifta:)

No skal eg fylle opp frysen til vi får besøk i helga:)

IMG_1100

IMG_1101

…..og nokre gjekk ned til kvelds ikveld;)

Kosar du deg inne i snøveret? =)

Klem, Rakel :-)

 

mandag 18. oktober 2010

I mangel på noko å blogge om har eg knipsa….

…..nokre stemningsbilder i gangen og på kjøkkenet mitt idag.

 IMG_1001 IMG_1000

IMG_1003 IMG_1008

På konsollbordet i gangen har det komt på plass ein ny orkide. Lilla og fin står den vakkert å pyntar

i den ellers so lyse trappeoppgangen vår.

IMG_1016 IMG_1017

IMG_1018 IMG_1025

På kjøkkenbenken: Ein pyntekål i ei fin loppis-krukke som eg betalte 20,- for på bruktbutikken her ein dag:). Tenkte eg skulle sette den ut før helga, for då skal han holde seg mykje lenger:) Fretex-vekta mi og etasjefatet står å fristar med norske epler;)

IMG_0999

Eg er aleine igjen då min kjære har reist vekk for å jobbe…men heldigvis kjem han heim allereie i morgon att! :)

Ha ein god mandagskveld og ei fin ny veke! :)

Klem, Rakel :-)

 

fredag 15. oktober 2010

I stua mi….

..…er det fin stemning i kveld.

Tente stearinlys, fyr i ovnen og vi har funne sofakroken med x-factor på tven;)

Eg har pynta litt på skjenken min og ellers i stua idag. Ikkje så mykje nytt nei, heller tvert om;)

IMG_0872

IMG_0871

IMG_0873

IMG_0877

Dei to fine englane fann eg i gamlehuset, desse blir fine å pynte med til jul, med røde lys oppi.

Nesten alt på skjenken er frå loppemarked, bruktbutikkar og arvegods….

IMG_0908

IMG_0902

Eg kan ikkje akkurat skryte på meg

at eg har øva mykje med speilreflekskameraet mitt…

Og ikkje tar eg bilder på dagtid heller då det er

enklast å få gode bilder…

Derfor litt mørke bilder….:)

IMG_0878

IMG_0879

Eg har maange prosjekt på gang…det tar berre litt tid;)

Eit skap i garasjen har vert gjennom sin 2. vask med salmiak idag…

Diverse står i boden ferdig spraya eller klar for spraying….

Og eg har to orgel pågang…. JA, du hørte to og du hørte orgel! Eg må berre bestemme meg for eit…

Så her i huset flyttar det, om ikkje lenge, inn eit orgel … Det eine er frå 1920, det andre veit eg ikkje kor gammalt det er…

Og ikkje minst er det vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal gjerne med ting/møblar.

Skal eg male det, kjem eg til å angre ein gang…kva farge skal eg male det i….

Har du og slike “problem”?;p

IMG_0782

Eg håpar alle har ein fin fredags kveld:)

Eg rekk ikkje innom nokon av dei fine bloggane på lista mi i dag…..

Klem, Rakel :-)