tirsdag 30. november 2010

Gammal slagbenk

 Denne gamle slagbenken får vi snart i hus. Planen er å ha den i spisestua. Men sidan vi mangla både spisebord og stola der inne og sidan det ikkje står på busjettet akkurat no, skal den få plass nede i hallen i første omgang;)

IMG_1844

Eg veit ikkje nøyaktig kor gammal den er, men det skal vi prøve å finne ut.

Eg gledar meg til å sette den i stand. På toppen mangla det ein del som vi må leite litt etter. Det einaste vi skal gjere med den, er å vaske den godt. Ein so fin skatt sleppe lett unna malekosten hos meg.

IMG_1843

Var den ikkje nydeleg vel? :)

Eg er veldig glad i benkar har eg funne ut:)

Ha ei god natt alle sammen:)

I morgon skal eg lage ferdig julekalendaren til min kjære:)

Klem, Rakel

søndag 28. november 2010

Julestemning på kjøkkenet

 Då var 1. søndag i advent her… Adventsstaken min er enkel, kubbelys med tall på. Rundt lysa har eg lagt stjerneanis, fine og så lukter dei jul synest eg:)

IMG_1752

På kjøkkenet har eg pynta med svibla, amaryllis, raudt og kvitt. Julegardinene er ikkje komt i hus, men dei ligg å ventar på meg i Bergen. Då vi var der for to veker sidan fann eg nokre eg likte veldig godt, men eg kjøpte dei selfølgelig ikkje, men eg har fått snille søskenbarnet mitt til å kjøpe dei for meg:) Imens vi venta på dei får vi nyte litt meir lys inn på kjøkkenet;)

IMG_1757

IMG_1759

Kjæresten fekk bestemme at dei gamle adventsstakane og stjerna på kjøkkenet/kammerset ikkje skulle byttast ut. Helst ville han ha gardinene med nissar på og, men der fann husmora ut at ho heller ville ha nokre andre(som han synest er kjempe stygge, ler).

 IMG_1767 IMG_1762

IMG_1764 IMG_1768

IMG_1832

IMG_1761

IMG_1836

IMG_1747 IMG_1839

Vi kjem kanskje til å vere godt leie av raudt når vi nærma oss jul, ja;) Men sidan kjæresten er vekke i vekene på jobb og eg stort sett stressa veldig dei siste dagane før julafta, ville eg heller pynte litt meir no når vi har god tid, å heller nyte heile julemånaden. Den går jo alt for fort!!

Håpa alle har ein fin 1. søndag i advent!! ;)

Her er vi i skikkeleg julestemning, både ute og inne:)

Klem, Rakel

lørdag 27. november 2010

Advent i Rakels hus…

 God lørdagskveld! :)

Idag har eg fått på plass alt til advent! Å det er berre blitt soooo koselig her!!! Tradisjonen i min familie er lys og dukar i lilla frå 1. helga i advent, so pynta vi med raudt og nissar lillelille julafta og juletreet vart pynta lille julafta. Eg er ikkje veldig glad i lilla hos meg sjølv, derfor har eg alltid pynta med raudt både til advent og jul.

IMG_1704

Ikveld har eg knipsa bilder av kammerset(den framtidige spisestova).

IMG_1698

Det fine, gamle bordet mitt som stod i hallen nede før, har no fått plass på kammerset. Tv`en som stod her er no på loftet, den var aldri i bruk uansett og ein tv er jo ikkje akkurat eit fint møbel så det var godt å få den vekk;)

IMG_1701

IMG_1726

IMG_1728

Dei blå talerkenane er kongelig dansk porselen med julemotiv. Det var sambuaren til pappa, Jorid, som kjøpte dei til meg på ein bruktbutikk i Danmark for nesten ingenting. Vi deler interessen for gamle ting, og det er kjempekjekt! :)

IMG_1705

IMG_1702

IMG_1706

IMG_1709

IMG_1710

IMG_1717

I morgon kjem det meir bilder frå mitt julepynta hus:)

Ha ein koseleg kveld vidare alle sammen:)

Vi får besøk av broren min og dama hans no. Vi skal spele spel og kose oss :)

Klem, Rakel

 

torsdag 25. november 2010

Huset

 I forrige veke knipsa eg nokre bilder av huset vårt. På ein kald og fin vintersdag ser huset vårt slik ut;) Eg trur ikkje eg har vist bilder av huset utvendig før.

IMG_1586

Eg drømmer stadig om vindu i gamal stil, helst som er oppdelt i seks-ruter, pyntelister rundt vindua og større loft&ark.

Eg synest spesielt at det store vinduet i stova er vanskelig, både når det gjeld pynt i karmane og møblering framfor det.  Men eg klaga ikkje, for all del!!! Tenk på dei som lever i fattigdom utan både hus, mat og familie! Vi er kjempe heldige som er født i Norge!

IMG_1584

Men det er lov å drømme litt, av og til!! Og eg skal bytte vindu ein dag! :)

IMG_1585

Utgangspuktet er veldig bra synest eg og eg er veldig glad i huset mitt! :)

Det kjekkaste hadde jo vore å bygd nytt. Då hadde vi fått det akkurat sånn som vi ville, både utvendig og inni. Men det er vanskeleg å gje slepp på barndomsheimen sin, derfor er ikkje det noko tema. Og vi bur veldig fint til i ei roleg gate med snille naboar, stor tomt har vi, god utsikt, fin natur og turterreng like bak huset, men alikevel med gåavstand til sentrum.

Drømmer du om nytt hus, eller å pusse opp det du har av og til? :)

IMG_1605

Eg har vert heime i to dagar no med influensa. Ser at eg ikkje er aleine om å vere sjuk om dagen. I morgon er det tilbake på jobb igjen for meg, og godt blir det! :)

Eg tenner lys kvar kveld, kjempekoseleg!!

Håper alle som ser innom har det bra!! Straks kan vi gå laus på adventspyntinga, jenter!!! ;)

Klem, Rakel

 

tirsdag 23. november 2010

Heimesydde juleputer…

 Hei på deg! :)

Her har det blitt lite med blogging i det siste ja!!!! Dei siste to helgene har gått i eitt og vekene har gått med til julepakke-handling og anna, og huset har blitt nedprioritert. Det må nemnast at eg berre har to-tre julegaver igjen!! Og det er lykke! Eg likar ikkje å stresse i butikkar i desember, den månaden skal nytast med heimekos, pynting og baking! Eg gler meg!

IMG_1597

I går kom endeleg lysta til å sy igjen;) Det vart sydd 6 juleputer i forskjellige stoff. Ja, eg måå ha raudt til jul. Her i huset er adventstida og raud, og i helga skal det pyntast enda meir :) :)

IMG_1599

Juleputene fekk komme på plass i sofaen med ein gong, så då tok eg meg lov til å knyte eit raudt band på potta med svibelen i og, men resten av pyntinga skal eg prøve å vente med til helga;)

IMG_1600

IMG_1601

To avlange puter og fire, store puter vart sydde. Stoffet er kjøpt på stoff&stil i Bergen, ein butikk vi gjerne kunne hatt her som vi bur og. Planen er å sy nokre fleire juleputer å plassere dei rundt om kring i huset, men eg er nesten tom for stoff  og her er utvalget minimalt:(.

IMG_1594

IMG_1596

IMG_1602

Julekula i vindauget har visst komt opp og…av seg sjølv kanskje? Men då er det ikkje meir før til helga! Eg blir som ein unge når det kjem til jul:) Er det fleire som er slik? :)

Ha ein fiiin kveld vidare alle snille der ute! :)

Klem, Rakel

mandag 15. november 2010

Innekos

 

Her vi bur er det komt snø igjen og det lika vi!  Gir skikkelig god julestemning og snøen gjer det so mykje lysare ute. Vi har vore i Bergen på juleshopping i helga. To julepresanga vart det og litt til oss sjølve;)

IMG_1543

Denne fine hesten måtte eg ha til jul.

IMG_1546

Nytt i huset er og denne lykta. Fin å tenne lys i om hausten og vinteren.

IMG_1565 

Av besøket vårt forrige helg fekk vi den fine orkideen. Eg er blitt så glad i mørke lys og dei passa jo godt ilag med fargen på orkideen og……:)IMG_1568 

Koseleg med masse levande lys!

IMG_1559

Eg var selfølgelig innom stoff&stil, det er fast på bergenstur. So no blir det raude juleputer til meg og blått lappeteppe til guten eg blir tante til i januar:)

Ha ein koseleg kveld og ei fin ny veke:)

 

søndag 7. november 2010

Soverommet

 

IMG_1524

Idag har heile huset blitt rydda og alt av kle er vaska; godfølelse:)

På soverommet har eg bytta sengekle og vaska litt, så i kveld skal det blir deilig å legge seg!

IMG_1519

IMG_1533

I skrivande stund heng det ein ny lampe på soverommet. Ikea lampa vart for stor og idag har vi endeleg fått hengt opp den nye, som er ei lita lysekrone, den har eg faktisk hatt i hus sidan juni. Ting tar tid av og til;) Den lilla veggen har eg og ein plan for.

IMG_1525 IMG_1530

IMG_1521 IMG_1518

Rosene vi kjøpte på fredag hang allereie med haue idag…so då brukte eg nokre til å pynte med;)

No skal vi ete søndagsmiddag her, som idag er biff med godt tilbehør.

Ha ein flott søndagskveld! ;)

Klem, Rakel

lørdag 6. november 2010

Middagsbesøk…

 Idag har vi hatt broren min, sambuaren hans, søskenbarnet mitt og tanta mi på middagsbesøk! Kjempekoselig!!!!

IMG_1482

Min kjære laga mesteparten av maten og eg pynta bordet;) Det er så kjekt å lage det fint til når ein får besøk synest eg!

IMG_1483 IMG_1490

På menyen stod lammesteik, heimelaga fløtepoteter, saus og grønnsaker…Deilig var det! :)

No hadde jo eg lovd at det ikkje skulle komme innlegg om kjøkkentet på ei stund…så dette pådekka bordet skal bli det siste på ei stund;)

IMG_1486

IMG_1481

Mørkebrune lys og kongler vart brukt til pynt. Konglene er visst kjøpt på Nille for eg har ikkje somla meg uti skogen for å plukke enda…Bonde-broren min tulla med at han skulle begynne å selge kongler frå egen mark….Hehe, dei skal ikkje skjønne seg på alt nei;)

IMG_1484

Ha ein koseleg lørdagskveld alle som ser innom!!! :)

Her går det i “Skal vi danse” og snart får vi gode venner på besøk:)