mandag 30. august 2010

Ein liten pause frå malinga…

 Idag har eg vore effektiv. Eg har malt 2.strøk på hobby/sy-rommet, og mala skrivebordet som skal stå på nettopp dette rommet. Eg gledar meg sånn og klarer nesten ikkje vente til rommet er ferdig.:)

På eit lite bord i stova har eg stasja med litt nytt no ikveld. Igår fekk eg lyst å prøve meg på tavle-laging og her ser dokke resultatet:) Etter å ha sett mange slike tavler her i bloggverden måtte eg prøve meg sjølv.

IMG_4305

Ramma rundt og hønsenettingen spraya eg kvit, medan bakplata fekk ein desj spraymaling i fargen perlegrå. Bildet skal eg stryke på ei pute eg skal lage, men før den tid skal det få henge på tavla. Vingene og klypene har eg kjøpt på ein hobby-butikk.

IMG_4306

 IMG_4319

Eg vart igrunn ganske fornøgd med resultatet;)

IMG_4306

Bruk ei gammal ramme og pynt tavla med noko du finn heime. Billeg og pent;)

IMG_4301

 IMG_4314

Den fine lysestaken finn du på vakkert hjem. Eg falt pladask;)

IMG_4299

Den fine duken er det mi flinke, gode bestemor som har strikka til meg:)

IMG_4297

IMG_4298

Dei to lyshusa mine har eg kjøpt på ein butikk her eg bur. Eg syns dei er kjempefine og lyser so fint i mørket:) Gledar meg til å nyte synet av dei masse no i høst og vinter:)

IMG_4314

Eg håpar alle får ei god natt :)

Klem frå Rakel.

søndag 29. august 2010

Stasjing av hylle:)

Idag har eg pynta med litt nytt på den lille hylla i stova. Eg kjøpte eit nytt hjerte av tre på blomsterbutikken igår som har fått plass på eine knaggen. Oppå har K-en hamna og ein Green Gate lattekopp med ei falsk busk i. Eg har to av desse sånn at dokke ikkje trur at eg flyttar på den kvar dag;)

IMG_4287

IMG_4290 IMG_4291

Eg er veldig glad i hyller, noko dokke sikkert har skjønt:)

Til lunsj idag laga eg ein stoor bolle salat, med smoothie til drikke. Kjempegodt og ikkje minst sunt!

IMG_4277

Oppi hadde eg egg, marinert kylling, ananas, paprika, agurk  og solsikkefrø. Den blei kjempegod, sjølv for ein kresen, stakkar. Nei, sambuaren min er ikkje så glad i alt grønt, men han et det meste når det kjem på bordet;)

IMG_4276

Dippen og gulrøtene måtte vi spare til kvelden då vi vart stappmette av salaten;)

IMG_4278

 

Søndag er den beste dagen i veka syns eg! :)

I morgon begynner ei ny veke med nye moglegheiter. Eg skal male ferdig hobby-rommet mitt og kanskje få flytta inn på det og;) Gledar meg!

Håper alle som er innom har hatt ei fiin helg! :D

lørdag 28. august 2010

Ny talerkenhylle på plass…

 Talerkenhylla som eg fann på bruktbutikken i sommar har komt på veggen. Etter nokre strøk kvitmaling og noken tenketimar på meg, hengte vi den opp på veggen i tv-stova:)  I hylla har eg litt inspirasjon til både meg og gjester og dei blå brukt-talerkenane. Oppå eit bilde av mine oldeforeldre og ein green gate kopp med ei falsk busk i;)

IMG_4253

IMG_4254 IMG_4257

Eigaren seier seg fornøgd med hylla for denne gang;)

IMG_4255

IMG_4275

Eg knipsa noken bilder av litt kjøkken og når eg først var i sving;)

IMG_4273

IMG_4261

Barometer lampa mi frå Ikea, som står i kjøkkenvindauget mitt no, skal opp på hobby/sy-rommet så snart som det er ferdig;)

IMG_4263

Her sit eg å blogga no;)  Sandkakeformene fann eg på bruktbutikken denne veka, kr 10,- for ca ti stykker:)

IMG_4250

Knipsa eit bilde frå tv-stova i stad, då regnbuen stod so fint ute med alle sine fiine farger;)

No skal vi på besøk til eit vennepar der vi skal samlast ein kjekk gjeng ikveld, det blir kos:)

Eg håper alle der ute får eg fin lørdagskveld!! ;)

 

torsdag 26. august 2010

Den lille tv-stova vår…

 Idag har eg fri, deilig! Og so er det berre ein dag igjen på jobb so er det helg igjen, hurra!! :D

Eg har rydda og vaska hus og ommøblert den lille tv-stova vår. Den har nesten ikkje vore i bruk i det siste. Eller jo, den har blitt missbrukt, til roterom;p. Rommet ligg ved sidan av kjøkkenet og det er berre ei “bue” som skiller desse to romma. Planen er å laga spisestue her, og helst vil eg rive ned veggen og heller få eit stooort kjøkken med to spisegrupper. Tida vil vise:)

Først noken bilder av rommet før ommøblering:

IMG_4203 IMG_4205

IMG_4204

Dei to brune borda er det sikkert mange som har sett/hatt, eg føler alle hadde dei før! Sambuaren min likar dei, så desse skal ned i kjellarstova, når den ein dag er oppussa;) Der skal han få bestemme stilen:)

Etter;

IMG_4213 IMG_4220

IMG_4221 

Eg derimot, er ganske lei dette bordet. So ein duk frå Kid var tingen:) Lysestakane kjøpte eg på bruktbutikken for kr 25,- per stykk, og etter to strøk spraymaling vart dei kjempefine! :)

 IMG_4215

Kjøpmannsdisken min kjøpte eg på Jusk for noken år sidan. Eg likar den igrunn ganske godt enda:)

Oppå hylla har eg barnehage-bilde av meg og mine to sysken. Eg (bilde til venstre) hadde klypt meg sjølv på dette bilde og såg ut som ein gut i ein periode;) Lysestaken kjøpte eg til å bruke som adventsstake, men nøytral som den er kan den få stå framme heile året;)

IMG_4216 IMG_4217

Bildet på kjøpmannsdisken er av min nydelige fadderunge, Adrian;). Ein 5-arma lysestake frå Jotex, eit speil frå skeidar og falske orkidear i ein vase frå Ikea er noko av det eg har  pynta med på disken.

IMG_4225 IMG_4226

IMG_4228 IMG_4223

Den eine korgstolen fekk også plass her inne. Lyselykta kjøpte eg for berre 44,50 på Sparkjøp. Under tv-benken har eg satt ei korg som eg kan gøyme vekk litt rot i;)

IMG_4231 

IMG_4230 

Ha ein koseleg torsdagskveld alle!

Klem frå Rakel:)

tirsdag 24. august 2010

Pittelitt nytt hos meg:)

 På mandag var eg innom ein interiørbutikk her i “byen”. Heidis Bo heiter den. Ho har masse fint og er einaste som sel Green Gate her, som eg veit om vertfall;)

Eg kjøpte meg to nye lattekoppar som har midlertidig plass i kjøkkenvindauget mitt:) Oppi har eg ein kunstig blomst/tre frå Plantasjen.

IMG_4187 IMG_4186

På den samme fine butikken kjøpte eg meg ei korg som er perfekt til å ha interiørblad og post i:)

Eg fann den samme korga i Tvedestrand i sommar, men lot vere å kjøpe den då. Men no når eg såg den igjen måtte eg berre ha den. Den er jo berre sooo fin:)

IMG_4185

Midlertidig har den fått plass på veggen på kjøkkenet, såg kanskje litt rart ut syns eg, menmen:)  Den lille knaggen med speil kjøpte eg på salg for ei stund tilbake.

IMG_4184

Eg håper alle får ei good natt:)

Klem:)

Korgstolar fekk nytt liv:)

 Igår fekk eg gjort nesten so mykje som eg hadde tenkt:)  Det første eg gjekk i gang med var desse to korgstolane. Etter å ha stått lagra på garasjeloftet i eit år no var det på tide for dei å komme ut i lyset igjen. Anten er det berre eg som er flink til å sløse med spraymaling eller so brukar ein ikkje mindre enn 6 (!!!) boksar på to stolar;)

Her er stolane under prosessen;)

IMG_4173

Før spraying såg stolane slik ut:

IMG_4172

Og no står dei ferdige stolane mine i stova å ventar på plass ein stad i huset;)  Ein skal eg ha på hobbyrommet mitt og ein i gangen på loftet når den er ferdig.

IMG_4182

IMG_4178 IMG_4180

Vart ikkje dei fiine, vel? Eg er veeldig fornøgd med resultatet:))

IMG_4181

Det manglar ikkje på prosjekt her i huset om dagen, nei! No er eg såvidt begynt å male hobby/sy rommet på loftet. Måtte det bli ferdig fort so eg kan starte på alle småprosjekta som eg treng akkurat det rommet til!!! ;)

 

Eg håpar alle får ein fiiiin tirsdag! =)

Klem frå Rakel.