fredag 21. oktober 2011

Ei stund sidan sist…..

 ….blogginnlegg på meg, ja. I sommar hadde vi besøk av søstra mi og familien i 5 veker, vi planla bryllaup og kosa oss inni mellom. Då hausten kom var det noko som skjedde kvar helg og eg følte at eg ikkje hadde tid til å blogge. Men litt har vi gjort i huset sidan sist. Idag har eg knisa nokre bilder av stua og eg begynner endeleg å bli fornøgd med den!

IMG_7344

I forrige veke reiste eg og kjærasten til bror min til Åsane på dagstur, shopping vart det + litt kos med søskenbarnet mitt og sonen hennar:) Vi fekk akkurat plass til ein to-setar ektorpsofa i stasjonsvogna, i samme stil som lenestolane;) Ein billeg, fin sofa synes eg. Trekket kan skiftast eller vaskast, skjønner godt at Ikea sel mange slike!

IMG_7349

Tidleg i sommar kom eg over nokre billege møblar hos ei som skulle flytte. Bordet med hylle under var blant desse, det passa perfekt inn hos meg etter nokre strøk maling;)

IMG_7342

Det fiiiine arve-skatollet mitt er komt til sin rett i stua. Eg hang opp gardin på innsida, blei mykje ryddigare enn utan. Blir ofte eit rotete inntrykk av glasskap uansett kva ein har inni synes eg. I skapet har eg GG-samlinga mi!

IMG_7343

No trur eg svigermor Britt blir fornøgd med eit nytt innlegg frå meg:) Det er kjekt å sjå at eg har fått nokre nye følgera, sjølvom bloggen har stått stille litt….Eg lovar å vere flinkare framover, har jo masse planer og prosjekt å vise!:)

Ha ein fin fredag og ei god helg alle!!:)

Klem, Rakel

4 kommentarer:

Åse fra mitt lykkehus sa...

Så kjekt å ha deg tilbake da, har hatt en laannng pause sjøl, men nå var det deilig å blogge igjen.
Gleder meg til å se mer fra deg

Klem Åse

Audhild sa...

Endelig er du tilbake :)
Flotte bilder fra deres koselige stue! GOD HELG! Klem

Har en drøm... sa...

Heeeiii;)
Sp kos med et innlegg fra deg igjen;)
Herlig stuen deres er, er så koselig atte;))

Ha en finfin fredag!

Klem Line

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Lurte på kor du va blitt av ja :)
Velkommen tilbake!
Kjempefine møbler du har fått deg :)

Klem M <3