Då vi kom heim frå jobb idag i 4tida var det ca 30cm snø her… Min kjære var strålande fornøgd, då vi kjøpte snøfres i slutten av forrige snøsesong! :) Han har kosa seg med å måke tunet og eg har dulla inne….
Eg synest det er litt tidleg med snø i slutten av oktober….men eg kjem skikkeleg i julestemning av snøen, og det betyr at eg er begynt å lage litt til jul:)
Eg kjøpte dette juleheftet på butikken denne veka….Ååå så masse fint eg vil lage!!! Kjæresten min meiner eg alltid har fleire prosjekt på gong…og det er vel kanskje sant, so no skal eg holde meg til eit prosjekt om gangen;) Idag har eg sydd hjerter til ei heimelaga lysekrone som det står oppskrift på i heftet.
Heimelaga rundstykker har blitt baka her idag. Kun grovt og fint speltmjøl+ solsikkefrø inni og på toppen. Sunne og gode vart dei!:) Eg laga dei i muffinsformer sida det stod i oppskrifta:)
No skal eg fylle opp frysen til vi får besøk i helga:)
…..og nokre gjekk ned til kvelds ikveld;)
Kosar du deg inne i snøveret? =)
Klem, Rakel :-)
3 kommentarer:
Uff ja...denne snøen...fint er det, men altfor tidleg!
Såg gode ut dei muffins-bollane☺
Eg held på å bake til bursdagsselskap imåra. Ros skumkake står i kjøleskåpet og ei sjokoladekake er nett tatt utav ovnen. Imåra skal eg bake muffins☺
God natt☺
Klem M♥
E da no på lørdag????? Trudde det var neste veke eg.... Men finn ikkje igjen den avisa det stod i... Hmm...korleis skal eg finne utav det.??!! Ska jo ha selskap kl 14 på lørdag-håpe vertfall det er so tidleg at eg kan rekke loppis først.. Kanskje det kjem ny annonse i avisa-håpe det!
Du må sei frå viss du finn dato og klokkeslett!
Klem M♥
Hihihi, ser vi har gått i anskaffelse av samme blad idag ;)
Jøss, 30 cm??! Her har vi kanskje fem cm ;-) det er hvitt på bakken, trærne og i luften da, og jeg er i julemodus ;) Hihi!
Riktig god natt!
Stor klem!
Legg inn en kommentar