torsdag 17. februar 2011

Kjellarstua, før og etter :)

Her kjem eit innlegg om kjellarstua vår, som vi nett har pussa opp. Eg syns igrunn den var fin som den var, men panel gulna med åra, so noko måtte gjerast! Det er pappaen min som har lagt panel på veggane og taket, og flislagt både golvet og rundt ovnen. Flink var/er han spør du meg:)

IMG_2317

Før bildene vart litt mørke, men de ser nok korleis det såg ut;)

IMG_2319

Og ETTER: Vi er kjempe fornøgde:)

IMG_4902

IMG_4889

I staden for å male alt kvitt/lyst, som i resten av huset, har vi gjort ein litt anna vri her;) Veggane vart beisa med kvit lut og taket, lister, dører og vindu vart mala i eggkvit. Panelen er tømmermannspanel og om vi hadde malt den kunne vi ikkje angra etterpå. Eg kan tenke meg ein litt anna stil her nede, og etterkvart skal eg få inn nokre svarte detaljar, hyller og bilder på veggane.

IMG_4884 IMG_4886

IMG_4905 IMG_4885

Sofabordet er fra bombay-serien og var mørkebrunt før. Det mala eg eit strøk med grunning og så blei det med det strøket. Eg var nemmeleg ganske lei av maling og ville helst flytte inn i den ferdige kjellarstua då. Men bordet fekk ein slitt look og sklei rett inn i stilen eg vil ha her ;)

IMG_4880

Her ser vi for oss mange koselege kveldar med fyr i ovnen, framover. Det er jammen kjekt å planlegge og drømme, men guuu so herleg det er å vere ferdig med eit prosjekt og! ;)

Eg er allereie begynt på neste prosjekt, eg…..

Straks er det helg med mykje kjekt på menyen, som alltid! ;)

Håper alle får ei god natt og ein fin fredag! :)

Klem, Rakel

søndag 13. februar 2011

Utfordring frå “Det lille rom” :)

 

IMG_4864 IMG_4874

IMG_4865  IMG_4866

Som eg skreiv i går har eg fått ei utfordring av finaste Annveig med bloggen “Det lille rom”.

Her kjem spørsmåla med svar:

4 ting jeg har gjort idag:

Vert på jobb

Vaska ned kjellarstova, som er nyoppussa

Flytta inn møblar i den “nye” kjellarstova

Blitt servert biff-middag av kjæresten min

4 ting på min ønskeliste:

Spisestolar til spisestua vår

Nytt bad

Hytte ved sjøen

At tanteungen min flyttar nærmare;)

4 ting jeg liker dårlig:

Fryse

For lite søvn (då er eg ikkje god:p)

Mørket, litt mørkeredd ja;p

At kjæresten jobbar mykje vekke i vekene

Eg skal sende utfordringa vidare…sender den til:

Glad i hvitt

Alfas interiør blogg

Det bittelille huset

Heimekjær

Åshilds villa

Miss Mette

Interiør-inspirasjon, ideer og hobbyaktiviteter

Håper dokke vil ta den!!!! :)

No er det natta på meg!!!

Klem, Rakel

(Bilda øverst er frå vinduskarmen på kjøkkenet mitt idag.)

fredag 11. februar 2011

Litt frå stua og award!!!

Aaah, for eit herleg veir vi har her på vestlandet om dagen. Masse snø, blå himmel og sool:) Eg lika det kjempe godt, men snøen kan gjerne få ligge litt i fred no, takk!

Som bloggar har eg eit lite problem, dataen min tok kvelden denne veka og er no på reperasjon. Berre håpe dei klare å redde alle bilda eg hadde innpå, dei trudde det gjekk bra so;) No har eg stjelt kjæresten sin data.
Noken bilder fra stua i går:





Eg har fått ein award av snille Alfa med den koselige bloggen "Alfas interiør blogg". Kjempe kjekt med ein award!! Dette er min 3.award, men dei to forrige svara eg ikkje på. Denne var litt enklare:)
Følgende spørsmål skal besvares:

Ta opp nærmeste bok, og slå opp på side 18, og let frem linje 4 - hva står det der?

"Det var Molnes som frivillig tok et skritt tilbake da de to var jevnbyrdige kronprinser i partiet." Eg les krimbøkene til Jo Nesbø om politimannen Harry Hole for tida. Elska krim!!! :)

Hva var det siste du så på TV?

Hotell Cæsar i går.

Bortsett fra datamaskinen - hva hører du akkurat nå?

Kjæresten som vaska av malekostane på vaskerommet og Tido(katt) som mel på fanget mitt;)

Når var du sist ute og hva gjorde du da?

Eg var på jobb sist eg var utanfor døra.

Hva har du på deg nå?

Moods nattbuksa mi og ein hettegensar.

Hva var den siste filmen du så?

Varg Veum - Svarte Får, på kino.

Skulle du kunne overveie å flytte til utlandet?

Eg er veldig glad i å reise, må helst ha to utenlandsturer i året. Men nokre veker held. Heimkjær som eg er;)

Eg skal gi awarden vidare til sju fine blogger.
Håper de ikkje har tatt den før!
-http://detlillerom.blogspot.com/
-http://harendrom.blogspot.com/
-http://frydogglede.blogspot.com/
-http://anita-kvitedraumar.blogspot.com/
-http://solhaugpettersen.blogspot.com/
-http://audhildstene.blogspot.com
-http://chanetteshvitesky.blogspot.com/

Eg har fått ein til award av Annveig....som eg har tenkt å svare på i morgon:)

Ha ei nydelig helg alle sammen!!! :)
Og Tusen takk for at du besøker bloggen min!
Klem, Rakel

søndag 6. februar 2011

Gang og entrè, 1.etasje

  IMG_2378

Etter å ha fått rydda og vaska litt i gangen nede idag, tok eg nokre bilder. I entreen har eg ei heimesnekra hattehylle med korger til å oppbevare hue, vottar og skjerf i, og to Ikea knaggrekker under til jakkene.

IMG_2365

Det hadde nok vore finare å skjule jakker o.l, men dette er mest prktisk:)

Idag fekk vi fingen ut å fekk montert dei nye dør vriderane i 1.etasjen og:) TTT her i huset! :p

IMG_2367 IMG_2370

Eg er veldig glad i doble glasdører, syns det er så fint! Eg har fått tak i to billege glasdører som eg har planer for ein plass i huset, håpe ikkje det tar altfor lag tid før vi får dei på plass. Legg merke til den stilige dørmatta eg kjøpte til meg sjølv til jul;)

IMG_2374 IMG_2376

IMG_2377 IMG_2375

Eg har vert ute å ete middag med ei god venninde idag og ikveld var eg og min kjære på den nyaste Varg Veum på kino. Heilt ok, eg gledar meg til neste film kjem, då noko er spelt inn i nærheten av her vi bur.

Håper alle har hatt ei fin helg! Berre så synd dei går så altfor fort, ikkje sant? :/

Klem, Rakel

lørdag 5. februar 2011

Gang og kjøkkenets blomster

 

IMG_2357 IMG_2359

IMG_2356 IMG_2363

Her i huset er det lite nytt å vise…Tok nokre bilder av gangen og kjøkkenet i fint dagslys. Her er det nydeleg veir idag, masse nysnø og blå himmel:)

IMG_2348 IMG_2350

IMG_2345

Fine blomstra på kjøkkenet:)

Nei, eg må sta å gjere meg klar. Vi skal på middag til eit vennepar om eit par tima og vidare i 30-års dag etterpå. Artig, artig:):)

Håper dokke får ein fiin lørdag alle saman;)

Klem, Rakel

torsdag 3. februar 2011

Mot lysare tider….

Eg er skikkeleg dårleg på blogging no om dagen!! Sikkert 10. gangen eg skriv det etter kvarandre no. Eg kjem ikkje heim før kl 4 på ettermiddagen og då er det rett før det blir mørkt, derfor dårlege bilder. Men vi er godt i gang med eit av prosjekta for året:) På mandag skal eg på Ikea å snooope litt og, so eg har ikkje gløymt huset heilt altso;))

IMG_4061

Dåreleg utvalg av nye bilder på dataen gjor til at eg legg ut nokre gamle. Desse er frå i fjor sommar då vi hadde ein koseleg lunsj ute i hagen:) Det er heldgivis ikkje lenge til sommar igjen, våren går foort. :)

IMG_4064

IMG_4065 

IMG_4062 

IMG_4060

Herlege fargar, ikkje sant? =)

Vi er jo så heldige å få ein liten smakebit av sommar og sol om berre 3 veker, då vi reiser til Thailand! :) Det skal bli godt, eg har eit lager av bøker klart og litt sommarkle frå H&M er på vei i posten til meg=)

Ha eiin fin kveeld alle fine bloggjenter! :) Eg må tilbake til målinga!

Klem, Rakel

mandag 24. januar 2011

Husets Planer Framover…..!

 Då var eg heime igjen etter ei lita veke i Oslo…Planlegg allereie ny tur ned til min skjønne, gode tanteunge og resten av gjengen min der:) Håpa eg skal få meg ein tur i månaden kanskje, det er jo det første året dei utvikla seg/lære mest og det er viktig for tanta å få med seg mest mulig;)

IMG_4153

Idag har eg kosa meg med litt planlegging vidare av huset….Eg har ingen tidsfrist for prosjekta, men å planlegge kva som gjenstår skadar vel ingen;) Budsjettet mitt er ikkje stort…Badet i den mellomste etasjen, som er det dyraste på planen lar vente på seg eit par år til.

Kjellar:

- kjellarstove: panel og paneltak skal målast/noko beisast. Innrede med sofa osv.

- eit soverom: skal bli trimrom.

- gjestebad: male, ny innredning?..,

IMG_1183

Mellomste etasje:

- tv-stove/kammers skal bli til spisestue. Her trengs stort spisebord, nokre stolar eller stoltrekk, gamal slagbenk som eg har…

- Stue: mitt gamle skatoll skal malast og få plass her. Enkle hyller og litt bilder på veggane…

- gang: bildevegg.

IMG_1522

Loft:

- gang, dører og skap skal målast

- toalett: målast, innredning målast/ny?,….

- litt stæsjing på gjesterommet….

- hovedsoverom: ny farge på den eine veggen, som no er lilla.

IMG_1584

Det var planane mine so langt…vi har og lyst å innreie garasjeloftet til ei koseleg stove…Der mangla berre å tilkoble strøm….men so er det jo litt begrensa kor mange stove vi eigentleg treng med det først…hehe…

Eg begynn på eit av prosjekta allereie i morgon…Det er rart kva desse årstidene gjer med oss….so snart jula er rydda ut og det går mot lysare tider er vi klare for nye utfordringa;)) Halve morroa er igrunn planlegginga spør du meg…Eg kan sitte i timesvis å drømme meg vekk…:)

Kva slags planar har du for heimen din framover?=)

Ha ei fiin veke du som stikk innom:)

Klem, Rakel

 

lørdag 22. januar 2011

Kjekt å vere tante

 

IMG_4758

Sjå på den nydelege prisen eg er tante til! Han er eg på besøk hos no…Nyte kvart sekund:) Eg har fått kosa og byssa so masse eg har villa på han, herleg:)

IMG_4784

Eg får ikkje nok av han;) Emrik heiter han, forresten! :)

Eg kjem nok sterkare tilbake på interiør-fronten neste veke får vi tru;) Der har det gått i sortering av skap og boder den siste tida…Deilig å få det gjort!

Ha ei fortsatt fin helg alle:))

Klem, Tante Rakel ;))

onsdag 12. januar 2011

Nytt år, nye muligheta;)

Først og fremst vil eg ønske alle dokke her inne i blogglandia eit godt nytt år. Litt seint ute ja?, det har blitt litt lita tid til blogging i det siste. Vi hadde ei fin og avslappande romjul ilag med venna og familie. Mykje fri, god mat og late dagar;) Derfor var det ekstra godt å komme i januar og i vanleg gjenge igjen!

IMG_2237

På søndag kasta eg ut jula. Guuu kor godt var!!!! No ser huset litt tomt ut og med lite fargar. Kanskje kjem det inn nokre fargar etterkvart;)

Bilda av stova knipsa eg no ikveld, etter at eg kom igjen frå slalombakken. Der er det suupre forhold for tida:))

IMG_2238 IMG_2242

Denne kroken er sjeldan ryddig. Litt av grunnen til det er den teite tv-benken som er utan skuffer til oppbevaring av duppedingsar til tven og wii maskina. Eg er på jakt etter ein ny med skuffer og som er litt høgare enn denne. Men det skal ikkje vere lett å finne den rette!!

IMG_2249 

Eg har hengt opp hjerte-lyslenka på vitrineskapet, slik at det er litt lysare i den delen av stova.

Vingene og det eine hjrtet som heng på hylla vann eg i give away hos jeanette med bloggen chanettes hvite sky,+ litt juledill som eg ikkje får visst dokke før til neste jul. Treige meg!! Tuuusen takk Jeanette!! Eg blei kjempeglad for alt!!! :)

IMG_2250 IMG_2257

IMG_2254 IMG_2256

Vi har masse kjekt å sjå fram til i det nye året allereie. I romjula vart eg tante for første gang til ein nydeleg liten gut. Eg har ikkje fått sett han enda for han bur i Oslo, men neste veke blir det ein tur på besøk. Det gledar eg meg skikkeleg til!!! Og om nokre veker reiser eg og kjæresten til Thailand på ferie. Det skal bli godt, det! Eg har vore der ein gong før og det er virkelig eit land til å annbefale!!!!

Husets planer er og klare;))

Har du nokre planar for 2011???

Ha ei god natt:)

Klem, Rakel