torsdag 28. oktober 2010

Litt nytt i sink på kjøkkenet

 

IMG_1366

Her har vi hatt nok ein gråversdag, idag. Ikkje noko kjekt! Då synest eg det er betre med snø. Snøen gjer det lysare og ein får god julestemning av den:)

IMG_1336

Når veret er stygt er det herleg å kose seg inne. Idag har eg hatt fri frå jobb. Torsdags fridagen min brukar å gå med til vasking av hus og anna husarbeid.

IMG_1339

Eg tok meg tid til ei lita handlerunde og. Denne korga fekk bli med heim:) Epla oppi kjøpte min kjære på jobbreise i sogn og idag hadde eg tenkt å lage syltetøy av dei (+ei kasse i boden og aprikos;)). Men då eg kom heim frå butikken og såg i oppskrifta at eg mangla eit par ingrediensa droppa eg det idag.

IMG_1342

Denne fine lykta kjøpte eg på den samme butikken som korga.

IMG_1344

IMG_1351

No sit eg her blandt lysa og den gode lukta frå eplene å blogga og venta på at min kjære skal komme heim for helga:)  På ovnen står kanskje årets siste fårikål, so no har vi middag i eit par dagar reknar eg med.

IMG_1353

Eg må vise dokke eit bilde av den tapre katten vår som har vore uheldig i natt. Han kom haltande frå nabohagen i ettermiddag. Matmor vart straks bekymra og reiste til dyrlegen med han. Det viste seg at han har slosst i natt, ein katt har bete han i låret, bittet gjekk faktisk heilt igjennom låret hans. Stakkars, stakkars Tigerguten min! Han fekk sprøyte hos dyrlegen og skal gå på antibiotika i ei veke. Men som dokke ser er han allereie i betre form! Han samler krefter i godstolen og får ekstra god mat når han er svolten;)

IMG_1338

Eg er skikkeleg fornøgd med dei to kjøpa mine idag:)) I morgon skal eg vaska to gamle potetkassar som eg fann i gamlehuset i helga. Planen er å pynte med dei på trappa:)

Korleis har din torsdag vert? :)

Ha ein fin kveld alle som ser innom ;-)

Klem, Rakel

4 kommentarer:

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Kjøkkenet ditt er kjempekoseleg!☺
Fine ting du har kjøpt deg☺
Og epla såg veldig gode ut...☺

Digga vekta du har i vinduet!!!☺

Stakkars pusen! Bra du reiste til veterinæren med han!! Håpe han blir fort bra igjen!

Klem M♥

Anonym sa...

So koselege bilder:) Og stakkars pusen din då, håpar det går bra med han♥

Du har iallefall eit nydeleg kjøken! Og sogneepler er jo supert;) hihi

Klem

Alfa sa...

Så fint og koselig kjøkken du har:0).
Håper alt går bra med pusen.
Ha en god søndag videre.

Klem Alfa

Elisabeth sa...

Koselige, stemningsfulle bilder! God klem fra Elisabeth.