Idag har eg fri, deilig! Og so er det berre ein dag igjen på jobb so er det helg igjen, hurra!! :D
Eg har rydda og vaska hus og ommøblert den lille tv-stova vår. Den har nesten ikkje vore i bruk i det siste. Eller jo, den har blitt missbrukt, til roterom;p. Rommet ligg ved sidan av kjøkkenet og det er berre ei “bue” som skiller desse to romma. Planen er å laga spisestue her, og helst vil eg rive ned veggen og heller få eit stooort kjøkken med to spisegrupper. Tida vil vise:)
Først noken bilder av rommet før ommøblering:
Dei to brune borda er det sikkert mange som har sett/hatt, eg føler alle hadde dei før! Sambuaren min likar dei, så desse skal ned i kjellarstova, når den ein dag er oppussa;) Der skal han få bestemme stilen:)
Etter;
Eg derimot, er ganske lei dette bordet. So ein duk frå Kid var tingen:) Lysestakane kjøpte eg på bruktbutikken for kr 25,- per stykk, og etter to strøk spraymaling vart dei kjempefine! :)
Kjøpmannsdisken min kjøpte eg på Jusk for noken år sidan. Eg likar den igrunn ganske godt enda:)
Oppå hylla har eg barnehage-bilde av meg og mine to sysken. Eg (bilde til venstre) hadde klypt meg sjølv på dette bilde og såg ut som ein gut i ein periode;) Lysestaken kjøpte eg til å bruke som adventsstake, men nøytral som den er kan den få stå framme heile året;)
Bildet på kjøpmannsdisken er av min nydelige fadderunge, Adrian;). Ein 5-arma lysestake frå Jotex, eit speil frå skeidar og falske orkidear i ein vase frå Ikea er noko av det eg har pynta med på disken.
Den eine korgstolen fekk også plass her inne. Lyselykta kjøpte eg for berre 44,50 på Sparkjøp. Under tv-benken har eg satt ei korg som eg kan gøyme vekk litt rot i;)
Ha ein koseleg torsdagskveld alle!
Klem frå Rakel:)
2 kommentarer:
TV-stua ble kjempekoselig:) Så flink du er!
Nydelig den skjenken og så kos med barnehagebilder av deg og søsknene:))
God helg!
Fredagsklem:)
Hei hei :D
Så fin bloggen din er, du har fått teken på blogging du :) Og på oppussing og ^^
Neste gang jeg er på hytten, kommer jeg bort å spiller wii en tur :P hehe
Klem Marie :D
Legg inn en kommentar