Endeleg har benken fått seg puter. Det vart noken enkle puter denne gongen men det kjem nok snart meir på syfronten frå meg:) Neste veke skal eg nemmeleg begynne på hobby/sy- rommet mitt. Gledar meg til å kunne ta det i bruk!
Som dokke ser vart det litt for mange puter for den stakkars benken, so eg har måtta fordelt dei utover litt;)
Den store benken og den lille benken i gangen fekk seg nye puter idag:)
Dei to “kjedelege” kvite havna på soverommet:)
Oppå denne nydelege duken som besta mi har strikka har eg fått meg ein søt hjerteranke til helga:) Alltid kjekt med nye blomster!
På bilde ser du mamma sin familie på søndags utflukt i sin første bil. I folkevogna var dei 8 stykker på denne turen. Ganske stilig! Kjekt med gamle bilder=)
Etter ei effektiv veke både ute og inne er det endeleg helg! Skal vise dokke litt frå det vi har gjort i hagen ein dag:)
Ei gooood helg ynskjer eg alle der ute!
Klem frå Rakel;)
3 kommentarer:
so flink du har vert og laga putetrekk dååå!:) tar stadig form i huset ditt!=) me like!
Så fine puter! Liker spesielt godt alle stoffene dine, nydelige!
Fine puter :)
Ser ut som du hadde ein produktiv dag ;)
Koselig blogg du har og, kjem nok innom igjen ;)
Ønsker deg ei fin ny veke!
Legg inn en kommentar