søndag 29. august 2010

Stasjing av hylle:)

Idag har eg pynta med litt nytt på den lille hylla i stova. Eg kjøpte eit nytt hjerte av tre på blomsterbutikken igår som har fått plass på eine knaggen. Oppå har K-en hamna og ein Green Gate lattekopp med ei falsk busk i. Eg har to av desse sånn at dokke ikkje trur at eg flyttar på den kvar dag;)

IMG_4287

IMG_4290 IMG_4291

Eg er veldig glad i hyller, noko dokke sikkert har skjønt:)

Til lunsj idag laga eg ein stoor bolle salat, med smoothie til drikke. Kjempegodt og ikkje minst sunt!

IMG_4277

Oppi hadde eg egg, marinert kylling, ananas, paprika, agurk  og solsikkefrø. Den blei kjempegod, sjølv for ein kresen, stakkar. Nei, sambuaren min er ikkje så glad i alt grønt, men han et det meste når det kjem på bordet;)

IMG_4276

Dippen og gulrøtene måtte vi spare til kvelden då vi vart stappmette av salaten;)

IMG_4278

 

Søndag er den beste dagen i veka syns eg! :)

I morgon begynner ei ny veke med nye moglegheiter. Eg skal male ferdig hobby-rommet mitt og kanskje få flytta inn på det og;) Gledar meg!

Håper alle som er innom har hatt ei fiin helg! :D

3 kommentarer:

Unknown sa...

Mmmm, den salaten så kjempegod ut, nå fikk jeg lyst og ha salat til middag i dag:)
Hyllen din er så søt, og kjempefint stæsja:)

Ha en herlig dag!

Klem Line

Jannes lille sted sa...

Hei:)
Så fin hylla var. Koselig pynt.
Og salaten så nydelig ut! Nam!

Ha en flott uke
Klem Janne Merethe

Anonym sa...

beautiful and very romantic blog!!!
Kisses from Croatia.
Zondra Art